Hopp til innhold

Oddvar Røysi har fått tilbod om leige eller kjøp av Dooria-bygget

Eigedomsinvestoren Oddvar Røysi er i dialog med SIVA om å overta det mykje omtala Dooria-bygget på Årdalstangen.

Dooria

SYMBOL PÅ MISLUKKA OMSTILLING: Dooriabygget på Årdalstangen har stått tomt sidan 2011.

Foto: Vidar Gudvangen / NR

No stig håpet i bygda om at det sju år gamle industribygget til 60 millionar kroner igjen kan fyllast med aktivitet.

John Normann Melheim (Ap) er Årdal kommunestyre sin representant i næringsselskapet Årdal Utvikling. Han veit om interessa for Dooria-bygget.

– Vi er kjende med at det har oppstått ein dialog mellom SIVA og ein privat aktør. Dersom denne private aktøren i tillegg har tankar om sjølv å etablere ei produksjonsbedrift i lokala så er det noko vi politisk ynskjer veldig, veldig sterkt.

Oddvar Røysi

ORDKNAPP: Oddvar Røysi snakkar ikkje før han meiner han har noko å snakke om.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

«Må skape noko først»

NRK er kjend med at denne private aktøren er Oddvar Røysi, opphaveleg frå Luster. Røysi er lokalt kjend som investoren som har brukt store pengesummar på å utvikle Skjolden som cruisehamn.

Pengane til det har han tent på eigedomsutviking på Austlandet, og det er eigedomsutviklaren og ikkje cruisemannen som er interessert i Dooria-bygget.

Korkje Melheim, SIVA eller Røysi vil seie noko om eventuelle framtidsplanar for bygget.

"Først må ein skape noko, så kan ein snakke", er Røysi sin knappe kommentar.

Har sendt tilbod

Men prosessen med å skape noko er tilsynelatande i gang.

Det er det statlege utviklingsselskapet SIVA som i dag eig bygget gjennom eitt av sine underselskap. Rådgjevar Jørgen Andersen stadfestar at dei har gitt eit tilbod så seint i starten av desember.

– Vi har sendt eit tilbod til eit selskap som er interessert i å leige, eventuelt kjøpe bygget. Så får vi sjå kva som kan kome ut av det. Vi er avventande, og det er eit stykke igjen før vi kan trekkje konklusjonar.

Dooria-bygget var omstridd frå starten av. 60 millionar offentlege kroner vart brukt på lokala til dørfabrikken Dooria i 2007. Etter knappe fire års drift var det slutt, og fabrikken vart ståande tom. 7500 tomme og sentralt plasserte rutemeter - som konstant minner om næringsutvikling som gjekk feil.

John Normann Melheim

- OPNE FOR SAL: Lokalpolitikar John Normann Melheim (Ap) seier årdølene er i ferd med å misse tolmodet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Tolmodet er litt oppbrukt

Den tunge statlege eigarskapen vart lenge sett på som eit pluss for å få nye leigetakarar på Årdalstangen, men no er politikarane opne for eit sal av bygget, seier John Normann Melheim.

– Dette er det ikkje sikkert vi politikarane i Årdal hadde stått på sidelinja og applaudert for nokre år sidan. Men i dag gjer vi det, for tolmodet med SIVA er litt oppbrukt. Det gjeld heile lokalsamfunnet, ikkje minst vi i politikken og dei ansvarlege i Årdal Utvikling.

For stadig står Dooria-bygget der, framleis relativt nytt, men mest stort og tomt, som ei påminning om at tidene ikkje er så gode i Årdalssamfunnet.

– I tal arbeidsplassar er det klart at det er andre prosjekt som er tyngre på vektskåla, men når det gjeld symbolverdien er det ikkje tvil om at dette ragar øvst av alle. For det ligg veldig sentralt på Årdalstangen, det er midt i folks augesyn, og det er etterlevningar av den biten av omstillingsprosessen der vi ikkje lukkast, seier John Normann Melheim.