Røysi tek over cruisedrifta sjølv

Investor Oddvar Røysi ønskjer å byggje sin eigen organisasjon på Skjolden, og forlengjer ikkje avtalen han har hatt med Reisemål Sogndal og Luster AS om marknadsføring og drift av cruise.

Oddvar Røysi

VIL GI NOKO TILBAKE: Den utflytte lustringen Oddvar Røysi har presisert at han ønskjer å gi noko tilbake til heimbygda si.

Foto: Haakon Dirk Blaauw / NRK

– Vi er svært nøgde med arbeidet som reiselivsselskapet har gjort, og dei har lagt eit godt grunnlag for vidare arbeid. Men det er no på tide å få på plass eigne tilsette på Skjolden, seier Røysi i ei pressemelding.

Røysi vil heller få på plass ein eigen organisasjon, framfor å leige tenester eksternt.

Krav til auka bemanning

Reiselivssjef i Luster og avtroppande hamnesjef, Iren Vatne, seier det har vore fem interessante år.

– Eg er glad for at vi har fått høve til å setje vårt preg på cruiseutviklinga på Skjolden. Med den veksten vi har fått til no, og kravet til auka bemanning som kjem med det, er det forståeleg at Oddvar Røysi ønskjer å ta over sjølv, seier Vatne.

Ho legg ikkje skjul på at det kjem til å bli litt rart å ikkje skulle ha handa på roret på prosjektet framover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Røysi

SATSA STORT: Til no har Røysi satsa 130 millionar kroner på Skjolden Brygge og cruisekaien.

Foto: Haakon Dirk Blaauw / NRK

Naturleg utvikling

– Etter så mange år, blir det nok litt rart. Men dette er ei naturleg utvikling, og cruiseturismen vil uansett vere ein viktig del av reiselivet i Sogndal og Luster, seier Vatne, som ønskjer Røysi lukke til.

Røysi er fødd og oppvaksen i Kinsedal i Luster, men bur til dagleg på Hønefoss. Han har lukkast godt gjennom internasjonal verksemd, og har særleg satsa på eigedomsutvikling. Han har spesialisert seg på bygging og utleige av politihus og rettsbygningar.

Røysi har vore den sentrale personen bak utbygginga av feriesenteret Skjolden Brygge og cruiseskipskaien der, og har tidlegare uttalt at han ønskjer å gjere Skjolden til det fremste cruisereisemålet i landet. Til no har han investert 130 millionar kroner i prosjektet inst i Sognefjorden.