Hopp til innhold

Sløkte husbrann i Gloppen

Naudetatane rykte i ettermiddag ut til ei melding om røykutvikling frå eit hus på Bergheim i Gloppen. Brannen er sløkt, og det var ingen heime i huset.

Brann Bergheim

RYKTE UT: Naudetatane rykte i ettermiddag ut til melding om røykutvikling frå eit hus i Gloppen.

Foto: NRK-tipsar

Klokka 16.50 i ettermiddag vart det meldt at naudetatane hadde rykka ut til ei melding om røykutvikling frå eit bustadhus på Bergeim i Gloppen.

– Det var meldt om røykutvikling i eit hus like ved E39. Det var ikkje nokon heime i huset, men det var naboane som melde om røyken. Brannvesenet er no framme på staden, og har vore inne og sjekka med røykdykkarar, og sløkt brannen, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK klokka 17.10.

Ifølgje Holvik er der framleis for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.

Holvik seier at brannen skal ha starta bak kledninga på utsida av huset, og at brannmannskap har rive noko av kledninga for å sløkke brannen. Han seier at brannmannskap både frå Byrkjelo og Sandane no skal sjekke huset med varmekamera.