Øberg meiner det får brannfolk til å framstå som uproffe.
– At brannmenn står med ein røyk i kjeften under uttrykking er så lite omtenksamt og bevisst at det er uprofesjonelt.
Uproft med røykande brannmenn. (Illustrasjonsfoto: Gunnar Lier Scanpix)
Øberg vil difor har røykeforbodet under utrykkingane til brannvesenet. Snusinga vil han òg ha slutt på.
Går lenger enn røykelova
– Er det ikkje drastisk å gå lenger enn røykelova og forby folk å røyke og snuse utandørs?
– Det kan verke slik, men eg innfører ikkje noko totalforbod for brannfolk å røyke. Men når vi er ute i alvorlege oppdrag der vi skal hjelpe andre som er i ein naudsituasjon, verkar det provoserande når ein tek ein vel-blåst-røyk etterpå.
Ingen applaus
Øberg har ikkje informert dei 20 tilsette om planane om å få dei til å stumpe røyken og spytte ut snusen, og han innser at det kan bli ein brannfakkel som ikkje blir godt motteke.
– Eg reknar ikkje med at forslaget blir mottatt med applaus, men på sikt skal vi få bukt med dette problemet, trur brannsjefen.