– Eg er veldig lei meg for det som har skjedd i kommunen vår. Vi er ein splitta kommune, og eg er redd for at ungane våre skal arve denne konflikten, seier Aina Gamborg i Jølster i Sunnfjord.
Gamborg har teke initiativet til eit opprop for fred og forsoning i kommunen, og for at debatten om kommunesamanslåing skal leggjast daud.
I april i fjor var det folkerøysting i kommunen, og folket var delt på midten. 48,5 prosent ville halde fram som eigen kommune. 51,4 prosent ville slå seg saman med Førde, Naustdal og Gaular.
I den austre delen av kommunen røysta nesten alle mot, i den vestlege røysta nesten alle for.
No har hundrevis av folk skrive under ein underskriftskampanje for å halde ei ny folkerøysting. Splittinga held fram.
Gir Senterpartiet deler av skulda
– Senterpartiet har all interesse av å halde denne debatten i live, seier Venstre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn.
Han meiner at Sp sin retorikk knytt til kommunereforma, bidreg til å nøre opp under den type konfliktar ein har i til dømes Jølster. Det er særleg det at partiet opnar for å reversere samanslåingane etter valet, han ikkje likar.
– Omkampar er sjeldan egna til å samle, dei er snarare egna til å skape meir splid. Det er veldig uvanleg i Norge at ein går inn for å reversere store vedtak som eit fleirtal på Stortinget står bak. Det er veldig spesielt, og veldig synd, at vi no har store og viktige parti som går inn for det.
– Det er Venstre som skapar meir splid
Medan Rotevatn meiner at Sp skapar splid med sin retorikk, svarar Senterpartiet at det tvert om er Venstre som skapar meir splid.
– Det er Venstre som har vore ein av pådrivarane for denne kommunereforma, og det er det som har akselerert den splittinga som vi ser i til dømes Jølster. Det seier stortingsrepresentant og tidlegare leiar og kommunalminister for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.
Ho stussar også på om Rotevatn kjenner heile historia til Jølster.
– Vi som har vore aktiv i Sogn og Fjordane i nokre år, veit jo at denne spliden ikkje starta med årets valkamp. Jølster har vore ein splitta kommune lenge. Rotevatn kan ikkje ha vore mykje i Sogn og Fjordane om han trur denne konflikten starta i sommar.
– Vi vil berre ha fred
Initiativtakaren bak den siste underskriftskampanjen i Jølster, seier at dei ønskjer å sjå framover.
Etter vel eitt døgn har over 400 personar signert aksjonen.
– Vi vil berre ha fred i kommunen vår, vi ønskjer å leggje dette bak oss. Det viktige er at folk respekterer folkerøystinga, seier Gamborg.