Rolf Inge lagar urfolk

Sidan barneåra har Rolf Inge Endestad laga klede som det amerikanske urfolket brukte. Så autentiske er dei at han vart teken opp av ein amerikansk urstamme.

Rolf Inge Endestad

STILLER UT ÅREVIS MED HANDARBEID: Rolf Inge Endestad har lånt eit lokale i Sogndal i nokre veker for å stille ut det han har laga over mange år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg var alltid «indianar» når me leikte «cowboy og indianar» som barn. Då eg vaks opp og sette meg inn i historia, kulturen, kva alt betyr og slikt, så vart det veldig fascinerande å driva på med dette her.

Om lag 25 mannekengdokker står i utstillingslokalet i Sogndal, kledd opp i tradisjonelle klede frå det uramerikanske folket. Frå fjørpryden på toppen til mokasinane på beina: alt er laga av Rolf Inge Endestad.

Det er spesielt Lakota-urfolket han har pressa til hjartet sitt. Eller Siox-urfolket, som dei kanskje er meir kjende som.

Indianar-dokke av Rolf Inge Endestad

FASCINERANDE: – Betydninga av alle gjenstandane fanga interessa enno meir, seier Endestad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vart urmenneske

Det er spesielt dei siste 12 åra han verkeleg har lagt seg i selen med sying, brodering og alt anna som må til for å få til kleda. Og det gav uventa resultat.

Rolf Inge Endestad

MANGE BESTILLINGAR: Endestad må ofte jobbe frå morgon til kveld for å rekke alle leveransane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var nokre folk i ein stamme som heiter Choctaw Nation som følgde meg på Facebook. Så tok dei initiativet til å gjera meg til eit medlem av stammen deira. Så hadde me ein seremoni via Facetime, der det var både høvding, leiarar og advokatar til stades.

– Det er klart det er ei æra. Eg brenn for å formidla kulturen til urfolket i Nord-Amerika generelt.

Auka interesse for urfolk

– Det er mange grunnar til å vere oppteken av urfolk. Det er ein del av den grunnleggande historia til eit kvart land og område, seier professor i urfolksstudiar ved Noregs arktiske universitet, UIT, Else Grete Broderstad.

Else Grete Broderstad

STOR FORSKINGSINTERESSE: Folk er meir interesserte i å forske på urfolk no enn før, seier professor i urfolksstudiar, Else Grete Broderstad.

Foto: Liv Inger Somby / NRK

Ho ser at interessa for urfolk generelt sett har auka dei siste åra, særleg på forskingsområdet.

– Det å vite om historia er viktig for å forstå korleis ting er i dag og korleis ting kan gjerast betre i framtida, fortel Broderstad.

Vil ha museum

Den store draumen til Endestad er å få i stand eit museum der arbeidet hans kan få evig liv. Til vanleg er det stua inn på guterommet i huset til foreldra.

– Eg brenn for dette og å visa fram kulturen deira. Då kan folk få sjå og oppleva dette også etter eg er vekke, seier han.