Hopp til innhold

Røed tilbake etter skademaraton

Sogndalspelar Eivind Daniel Røed (20) har vore ute i nærare to år. No er han tilbake, fortare enn han sjølv hadde trudd.

Eivind Daniel Røed

PÅ VEG TILBAKE: Etter fleire år med mange skader ser det ut til at Sogndalspelar Eivind Daniel Røed endeleg er på veg tilbake.

Foto: Arve Uglum / NRK

Under dagens treningskamp mot Sandefjord på La Manga, der Sogndal tapte 0-1, vart det berre nokre få speleminutt på guten som vart henta til Sogndal frå Eid hausten 2008.

Likevel har sesongoppkøyringa så langt vore over all forventning for Eivind Daniel Røed. I januar var han i full trening att, og har spelt tre heile kampar, to av dei for A-laget mot Aalesund og Molde.

– Det har gått fortare enn eg trudde det skulle gå. Eg hadde ikkje trudd eg kom til å spele så mykje som eg har gjort no i januar og starten av februar, seier Røed.

Over to år med skader

Skademarerittet starta for fullt då han i 2009 vart operert for eit såkalla muskellosjesyndrom i leggane, der stor muskeltettleik skapte oksygenmangel i musklane.

Etter det har det vore skade på skade, men no begynner Røed å sjå lys i enden av tunnelen, og er svært glad for at han har fått mykje speletid i det siste.

– Det har vore veldig heldig for meg at eg har fått spelt så mykje som eg har gjort. Det har vore litt småproblem med dei andre som spelar i same posisjon, og då opna det opp moglegheiter for meg. Eg treng den kamptreninga eg kan få, seier Sogndalspelaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eivind Daniel Røed

OVERRASKA: Eivind Daniel Røed er overraska over kor fort han har komme tilbake i form etter skademarerittet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Og forma er betre enn han hadde trudd, men fotballforma er endå ikkje heilt der han vil den skal vere.

– Den fysiske forma har vore bra og det er nøgd med. No klarar eg å ta ein plass i laget og vere trygg defensivt, men så må eg jobbe med å bli betre offensivt og bidra meir på min måte. Eg er litt meir forsiktig no, så eg har krefter til å vere defensiv, seier han.

Mål å vere skadefri

Under torsdagens kamp vart det berre tre minutt speletid på Røed, men han håpar det blir meir i kampane framover. Første sjanse er mot Sandnes Ulf på måndag.

– Eg veit ikkje korleis det blir på måndag. Eg må berre trene godt og kjempe om speletid, men det får vi berre sjå. Eg håpar sjølvsagt å få spele, men vi er mange på den posisjonen no, seier den skadeutsette spelaren.

– Kva mål har du for sesongen?

– Det spørsmålet har eg fått fleire gonger, men eg vel å ikkje setje spesielle andre mål enn å halde meg skadefri. Om eg kjenner litt tendensar til slitasje i kroppen må eg berre ta nokre dagar fri til eg er bra att i kroppen for å halde den gåande. Eg trur ikkje eg har hatt ei heil sesongoppkøyring på fem år, og eg begynner å nærme meg å klare det no, så vi får prøve å halde det ut sesongen. Så får alt anna bli eit pluss, seier Røed.