Hopp til innhold

Røde kors mannskap blir slått etter med skistavar

1. påskedag vart ein av mannskapa frå Røde Kors i Sogn og Fjordane slått med skistaven av ein skiløpar, som ikkje likte at dei kom køyrande med snøskuter.

Røde Kors og politiet i fjellet

RØDE KORS: Personane på biletet har ikkje noko å gjere med saka der ein frivillig frå Røde Kors vart slått med skistav.

Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps

– Det er ikkje noko behageleg oppleving å plutseleg få ein stav over deg når du er ute på oppdrag, seier Geir Ove Opthun, som er fagleiar, skred i Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps.

Ikkje alle har forståing for den viktige jobben som mannskapa frå Røde Kors gjer med å hjelpe skadde i påskefjellet.

– Når vi skal ut å berge nokon så bryt vi stilla for folk når vi kjem med snøskuter, og det er det ikkje alle som likar. Men vi er ute for å hjelpe nokon som er skadde. At folk då fysisk prøver å hindre oss i gjere jobben vår, det ser vi som svært uheldig, og det er noko vi håpar å få slutt på, seier Opthun.

Fleire medium fortel om tilsvarande hendingar også andre stader i landet.

– Har de vurdert å melde desse hendingane til politiet?

– Det er noko vi ikkje ynskjer, men går det ut over tryggleiken til mannskapa våre så er det klart at vi må gjere noko, seier Opthun.

Mange oppdrag

Geir Ove Optun

UTE FOR Å HJELPE: Geir Ove Opthun, som er fagleiar, skred i Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps.

Foto: Hening Hellebust / Røde Kors

Strålande sol og mykje snø har trekt mange til fjells og til skiløypene. Det merkar også hjelpemannskapa frå Røde Kors.

– Vi har hatt fleire oppdrag i år enn det som har vore vanleg tidlegare, seier Opthun.

Totalt har Røde Kors tatt seg av 24 skadde i Sogn og Fjordane denne påska.

– Vi snakkar i hovudsak om brotskadar og hovud- og nakkeskadar, seier Opthun.

Auken i tal oppdrag har i hovudsak kome frå hendingar i terrenget, medan talet på skadar i skianlegga har halde seg stabile.

Ingen tatt av skred

I løpet av påska har Røde Kors delteke i to søkeoppdrag, og vore på eitt oppdrag i skredområdet.

– Det tyder på at folk har tatt åtvaringane mot å ferdast i skredterreng på alvor, seier Opthun.

Det eine oppdraget i skredområdet skjedde måndag i påskeveka. Då frykta ein ei stund at folk kunne vere tatt av skred, etter at det gjekk to snøskred i det populære turområdet ved Berdalsegga i Gloppen . Eit helikoptersøk fekk raskt avklart at det ikkje gjekk skispor inn i skredområda.

– Vi ser og at i dei områda i Sogn som det var mykje fokus på i åtvaringane før påske, der har det ikkje vore folk i heile tatt i påska, seier Opthun.