Cecilie Rise vann trestegkonkurransen med eit lengstehopp på 13,18 meter, berre åtte centimeter bak personleg rekord. I lengde hoppa ho 6,18 meter i 2,1 sekundmeters medvind, og 6,11 meter i godkjent vind. Og sjølv om resultatet er 13 cm bak den personlege rekorden, er 27-åringen likevel mest nøgd med lengdekonkurransen, der alle hoppa var over seks meter.
Cecilie Rise var ein av to norske utøvarar som vann øvingar under landskampen i Ungaren, der Norge tok tredjeplass både i kvinne- og herreklassen.