Arbeidsleiaren stadfesta i retten i dag at tiltalte ringde han søndag morgon den 6. juni omlag halv ni. Først sa vitnet at han ikkje tok telefonen, sjølv om han såg det var tiltalte som ringde.
Ville heim
Men til politiet har han tidlegare forklart at han snakka med mannen frå Bygstad om morgonen. 42-åringen ville heim, men vitnet sa han fekk kome seg heim sjølv.
Konfrontert med dette i retten, hugsa plutseleg vitnet at det var slik det var. Han fortalte elles at tiltalte ikkje har forandra seg i tida ettter drapet på Anne Slåtten.
Ikkje vore sjåfør før
Forsvarar Ivar Blikra spurte om han hadde blitt brukt som sjåfør av tiltalte før.
- Nei, svarte arbeidsleiaren.
- Har du sett han full før?
- Ja, det har eg.
- Kva tankar gjer du deg om at tiltalte sit her tiltalt i ei drapssak?
- Eg veit ikkje kva eg skal svare.
- Er du overraska eller ikkje?
- Eg er i grunn overraska.