Riksveg 60 Olden-Innvik i det blå

Fylkesrådmannen finn ikkje pengar til Olden-Innvik dei komande ti åra i sitt forslag til investeringar på fylkesvegar.

Frå fylkesveg 60 Olden-Innvik

Riksveg 60 Olden-Innvik

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bremangersambandet og Dalsfjordbrua tek alle midlane dei første fire åra, og dei seks åra deretter blir det smalhans, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

– Per i dag er det nokon kroner til investering som gjer at vi kan realisere ein del mindre prosjekt. Men vi greier ikkje nokon store prosjekt den siste perioden, seier han.

Og det betyr at Øhlckers ikkje kan love noko til etterlengta opprusting av Olden-Innvik.

– Der kan vi ikkje love nokon ting. Og det heldt eg, for å seie det slik. Det er ikkje funne plass til Olden - Innvik fram til 2019.

Les også: Olden - Innvik med i krisepakka til Staten

Les også: - Olden-Innvik må skundast fram

– Vil korke seg til

Forkjempar for Olden - Innvik, Richard Grov, meiner dette er heilt uakseptabelt.

– Vi kan ikkje sitje å sjå på at trafikken vil korke seg i større og større grad. Alle veit kva som skjer i 2012 når Kviven opnar. Då vil trafikken på Olden - Innvik auke monaleg, og då går det i stå. Vi forventar at det kjem pengar på plass også for Olden - Innvik i denne perioden, slik at ein strekningsvis kan kome i gang, seier Grov.

Trafikkork mellom Olden og Innvik

Trafikkork mellom Olden og Innvik

Foto: Reidar Holen

– Vil ha spleiselag

Heller ikkje kystvegen eller den mykje omtala 45-minuttersregionen mellom Florø og Måløy, og Grov-Svelgen som er ein viktig føresetnad for ny industri i Svelgen, har fått pengar.

Men at det ikkje kjem pengar til 45-minuttersregionen, overraskar ikkje forkjempar Alfred Bjørlo. Men han resignerer ikkje av den grunn. Det han forventar er at politikarane går på eit spleiselag utanom fylket sine ordinære løyvingar.

– Vi trur det er mogleg å skru saman ein pakke, men det krev ei vilje frå fylket for raskt å jobbe fram 45-minutts regionen som eit prosjekt som kjem opp, og kan løftast i tillegg til dei tronge råmene som er på det ordinære budsjettet.

To prosjekt tek pengane

Realiteten er at dei prioriterte Bremanger II og Dalsfjordbrua tek alle investeringspengane dei komande fire åra, og meir enn det. Fylket må låne 250 millionar ekstra for å realisere dette, og renter og nedbetaling av desse låna skal skje frå samferdslepengane dei neste seks åra. Det betyr mindre til nye vegar - samstundes som løyvingane går ned.

Jan Øhlckers.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi er også i ein situasjon der vi får ein tung diskusjon i forhold til å greie å oppretthalde standarden på vegnettet og eventuelt ha nokre kroner til investering, seier fylkesrådmannen.

Og Øhlckers er klar på kva dei pengane som er til disposisjon frå 2014-19, skal gå til.

– Det er ein del gang- og sykkelvegar og trafikksikringstiltak, og ein del mindre utbetringar. Men det er ingen store prosjekt som ligg der.

– Kan ikkje omprioritere

No skal forslaget til politisk behandling, som endar opp i den store samferdsledebatten på fylkestinget i desember. Men Øhlckers trur ikkje politikarane kan omprioritere frå småanlegg og vedlikehald til større anlegg.

– Det er farleg. For vi må halde ein brukbar standard på vegsida. Vi må vege nyanlegg opp mot det å oppretthalde vegstandard.

– Er det slik mange vil hevde, at det er Dalsfjordbrua som årsaka til skårfestet ?

– Dette er fylkestinget si prioritering, som Stortinget har følgt opp og gitt løyving til anleggsstart både på Bremanger og Dalsfjord . Og Staten har også gitt oss ekstraløyve for å greie dette løftet. Slik at det vi ser i den siste perioden er det som vil vere kvardagen for oss framover.