Hopp til innhold

- Olden-Innvik må skundast fram

Leiaren av samferdsleutvalet, Knut M. Olsen, meiner utbetringa av riksveg 60 mellom Olden og Innvik må komme lenge før 2019.

Knut M. Olsen (Sp)

Knut M. Olsen har ikkje løysinga på korleis, men meiner vegstrekka Olden-Innvik må bli utbetra før 2019.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fredag vart det kjent at fylkesrådmannen ikkje finn pengar til utbetringa dei neste ti åra , i hans framlegg til investeringar på fylkesvegar.

- Eg trur det er viktig at vi som politikarar ser om det er mogleg å få ei betre framdrift på den vegen. Det blir ein av dei viktige diskusjonane vi må ha politisk, seier Knut M. Olsen, leiar av samferdsleutvalet.

Har ikkje løysinga

Vegstrekka, som er kåra til " Norges verste vegstrekke ", er prioritert bak Bremanger II og Dalsfjordsambandet. Desse vegprosjekta dreg avgarde med alt, og vel så det, dei første fire åra. Deretter blir det berre småpengar att som må gå til vedlikehald og mindre utbetringar. På desembermøtet skal fylkespolitikarane seie sitt.

Sjølv om Olsen meiner at Olden-Innvik må bli framskunda, har han ingen svar på korleis det skal kunne skje.

- Den diskusjonen må gå i politiske fora fram til fylkestinget, men eg vil jobbe for at vi skal prøve å finne løysingar som gjer at vi får Olden-Innvik lenge før 2019, seier han.

Frank Willy Djuvik (Frp) meiner einaste løysing er å bygge Innvik-Olsen før Dalsfjordbrua.