Næringssjef Eivind Helleland meiner sakshandsamarane som har vore i Vik er overkøyrde av toppleiinga hjå riksantikvaren (sjå - Skandale av Riksantikvaren). Men Nils Marstein avviser blankt kritikken frå Helleland.
Riksantikvar Nils Marstein
- Han må gjerne få lov å vere krass, for han veit ikkje kva han snakkar om. Det har vore ein lang og grundig sakshandsaming kor vi har vore inne på alle ledd hos riksantikvaren, seier Marstein.
Lei oss
- Vi ønskjer at det skal drivast næring i Vik, og det er derfor vi har lagt så mykje ressursar ned i dette. Og derfor er vi lei oss når vi ikkje kan akseptere bygginga, seie riksantikvaren.