Av Synnøve Aasland og Kjell Arvid Stølen
Det vart klart i eit møte mellom riksantikvaren, Vik kommune og dei fem bøndene som skal bygge fjøsen. - Med dei endringane som no er gjort, vil fjøsen bli til liten sjenanse for steinkyrkja, seier riksantikvar Nils Marstein.
Frode Voll. MMS-foto: Arve Uglum
Svært letta
Og ein av dei fem gardbrukarane bak fellesfjøsen, Frode Voll, er naturlegvis svært letta over avgjerda.
- Vi har lenge venta på denne beskjeden om at han godtek planane våre, så dette tykkjer vi er kjempeflott, seier Voll.
Demonstrerte
Bønder i Vik demonstrerte mot Riksantikvaren då han kom til Vik for å møte Hove Samdrift tysdag. Riksantikvaren har tidlegare sagt nei til bygging av ein fellesfjøs ved verneverdige Hove steinkyrkje, og kom til bygda for å diskutere saka.
Riksantikvar Nils Marstein (til h.) blir orientert om fellesfjøsplanane ved Hove steinkyrkje. MMS-foto: Arne Eithun, NRK
Traktorar, slagord og appell
- Vi vil vise at vi ikkje aksepterer Riksantikvaren si handsaming av bøndene i Vik. Det seier leiaren i Vik Bondelag, Jon O. Nummedal.
- Vi gjer det slik at Riksantikvaren skal vite at vi bryr oss, han skal få merke at vi er der, både med at vi tek med traktorar, har slagord på plakatar og held appell, seier Nummedal.
Stor misnøye med Riksantikvaren
Misnøya var stor blant bøndene i Vik etter at Riksantikvaren for nokre veker sidan sa nei til den planlagde fellesfjøsen i nærleiken av Hove steinkyrkje. Då hadde folk frå Riksantikvaren i lang tid samarbeidd med Hove Samdrift om ei utfroming og plassering av fellesfjøsen som ikkje vert for skjemmande for den verneverdige middelalderkyrkja. Då Riksantikvaren tysdag føremiddag kom til Vik for å diskutere saka med kommunen og Hove Samdrift, vart han møtt av demonstrerande bønder.
Riksantikvaren fekk gamalost i Vik. MMS-foto: Arne Eithun, NRK
Fekk gamalost
Men Riksantikvaren fekk ikkje berre refs. Nummedal spanderte gamalost frå Vik på riksantikvar Nils Marstein og folka hans. - Det er god symbolikk i denne gåva, for gamalosten er eit kulturminne i seg sjølv, og kanskje vel så gamalt som kyrkjene i Vik, seier Jon O. Nummedal.
- Glad for støtta
Frode Voll er svært glad for støtta frå bondelaget. - Det er kjempeflott at bondelaget stiller opp, for dette er ei sak som ikkje berre handlar om oss fem i samdrifta, seier han.
Ny løysing
Etter at Hove Samdrift fekk avslag frå Riksantikvaren har dei no utarbeidd ei ny og alternativ løysing. Den inneber mellom anna at fellesfjøsen vert flytta slik at det er minimum 100 meters avstand til kyrkja, og at fjøsen vert mindre enn opphaveleg planlagt. I dag diskuterte dei den nye løysinga med Riksantikvaren, og dei vart altså samde til slutt.