Av Arne Eithun og Vegar Erstad
Merkeleg, seier professor og ekspert på forvaltningsrett Jan Fridtjof Bernt, ved Universitetet i Bergen. Han seier at Marstein ikkje kan legge slike avgrensingar på folk sin rett til å klage på vedtak dei ikkje er nøgde med.
Dei fem bøndene har i dag skriftleg stadfesta at dei to klagene som var sende til Miljøverndepartementet er annullerte. For det var det klare kravet frå Riksantikvar Nils Marstein då han i går kom med gladmeldinga om at bøndene likevel får byggje fellesfjøs ved Hove steinkyrkje.
Ripe i lakken
Marstein var mellom anna skulda for brot på forvaltningslova. No slepp han at desse klagene blir granska. Enkelte NRK har snakka med spekulerer i om Marstein gjer dette for å unngå å få ei personleg ripe i lakken. Professor og ekspert på forvaltningsrett Jan Fridtjof Bernt skjønar i alle fall ikkje ultimatumet til Marstein.
Unødvendig
- Det verkar som ganske unødvendig. For i det riksantikvaren fattar eit nytt vedtak i saka, betyr det at klagesaka stopper. Viss bøndene ikkje er nøgd med det nye vedtaket, kan dei klage på det. Og det kan ikkje riksantikvaren hindre dei i å gjere, seier Bernt.
Riksantikvaren var ikkje tilgjengeleg for kommentar i dag.