Det seier dagleg leiar Finn Einar Kvamme:
- Det er vanskeleg å halde denne serviceproduksjonen i gang over tid, og difor har vi permittert, seier han.
Det ligg tung symbolikk i det at klesmerket Ricco Vero no permitterar dei siste ti tilsette som syr i Noreg i to til tre månedar. For alt idag blir 90% av omsetninga til selskapet produsert i utlandet. I Olden driv dei idag berre med serviceproduksjon av konfeksjon, medan den reelle produksjonen pågår i utlandet.
- Produksjonen i Olden er service og prøver. Vi har ein fantastisk fin gjeng der, men må rette oss etter dei økonomiske forholda vi lever under.
- Synd
Innan konfeksjonsindustrien har ein sett ein masseflukt frå Noreg dei siste 20 åra. Årsaka er at selskapa kan produsere klede til ein brøkdel av prisen i Asia eller Aust-Europa. Truleg er det ønskjet om å ta samfunnsansvar som gjer at Ricco Vero framleis har produksjon i Olden. Difor er denne permitteringa eit hardt slag for leiinga.
- Vi tykkjer det er synd, og vi har sånn sett halde liv i denne avdelinga enn vi ideelt sett skulle ha gjort, seier Finn Einar Kvamme.