Hopp til innhold

Revansjesugne og klare til kamp

Etter 4–1 tapet mot Viking borte i vår, er det eit revansjesugent Sogndal-lag som tek i mot gjestane frå Stavanger i dag.

Rune Bolseth

HÅPAR PÅ REVANSJE: Sogndal-kaptein Rune Bolseth satsar på fullsette tribunar og siger mot Viking på Fosshaugane laurdag ettermiddag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Klokka 15.30 laurdag ettermiddag bles dommaren i fløyta, og Sogndal får sjansen til å snu det brutale nederlaget frå bortemøtet mot Viking til siger på heimebane.

Kaptein Rune Bolseth seier til Sogndalfotball.no at det er på tide å slå Viking.

– Vi satsar på at det blir bra. Eg trur vi har ein veldig fin kamp føre oss, der vi vonleg får fullsett stadion.

– Det er absolutt på tide å ta dei, seier han og viser til at dei ikkje har slått Viking på mange år.

– Må bli meir stabile

26 poeng og ein niandeplass på tabellen til no er absolutt til å leve med, seier kapteinen. Men han håpar laget kan vise at dei kan prestere godt, ikkje berre gjennom første del av kampen, men heilt til dommaren bles den av.

– Det har gått litt opp og ned både resultatmessig og prestasjonsmessig den siste tida. Vi hadde ein god førsteomgang mot Sarpsborg, men så ramla vi veldig bakpå i andre omgang.

– Vi har ein jobb å gjere for å vere stabile gjennom 90 minutt, seier han til klubben sin eigen nettstad.

– Satsar alt på å slå dei

Skal ein tru tabellen er Viking eit betre lag enn Sogndal, med 34 poeng kjempar dei heilt i toppen og ligg på fjerdeplass på tabellen. Med tre poeng kan Sogndal ta innpå, og Bolseth legg ikkje skjul på at det er tre poeng dei går for.

Håpet er å vise at dei er langt betre enn det 4–1 tapet mot Viking på bortebane i vår kunne tyde på.

– Vi satsar på revansje. Vi fekk ei forferdeleg opning der nede, låg under 2-0, men leverte ein god andre omgang utan å få utteljing. Vi satsar absolutt på å slå dei, seier han til Sogndalfotball.no.