Hopp til innhold

Resultat frå Jølster rundt

Jølster rundt på sykkel vart arrangert sundag. Dei rundt hundre syklistane som deltok måtte tåle både regn og vind.

Løpet gjekk frå Førde, rundt Jølstravannet, via rundkøyringa på Skei og tilbake. Dei beste sykla dei ni mila på 2 timar og 17 minutt. Det er seks minutt dårlegare enn bestetida i fjor. Leiar i Førde Cyckleklubb, Magne Faleide, meiner veret må ta skulda for det.

Mellom dei lokale som sykla inn på bestetid var Ole Eikeset fra Sogn i klassen menn 16 til 19 år. Thomas Kristiansen og Kjell Olav Kusslid frå Førde var best i klassen frå 20 til 29 år. Lise Grønbukt frå Flora fekk den beste tida i klassen for kvinner 30 til 39. Ho kom inn på tida 2 timar og 41 minutt.

Resultatliste Jølster Rundt