«Reservert, men open for forhandlingar»

SOGNDAL (NRK): Høgskulerektoren forventar at kunnskapsministeren skal smørja eventuelle fusjonsforhandlingar med nye studieplassar og stipendiatstillingar.

Rasmus Stokke

«NØKTERN RAPPORT»: – Ulempene er spesielt dei geografiske avstandane, seier høgskulerektor Rasmus Stokke. I dag kom den førebelse rapporten som har greidd ut ein fusjon mellom høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Rapporten er grundig og dannar eit godt diskusjonsgrunnlag for å bestemma oss for om me skal gå inn i fusjonsforhandlingar.

Slik kommenterer rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) den førebelse rapporten frå forskingsinstituttet NIFU, som har greidd ut ein fusjon mellom HiSF og høgskulane i Bergen (HiB og Stord/Haugesund (HSH).

Rapporten tilrår fusjon, fordi fordelane er større enn ulempene, men seier samstundes at ei samanslåing i seg sjølv ikkje automatisk gir betre kvalitet på forsking og utdanning, slik kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha.

– Eg er reservert til å gå inn i fusjonsforhandlingar, men er framleis open for at dette kan bli aktuelt, seier Stokke.

Førde – Haugesund

Ei samanslåing vil romma campusar frå Førde i nord til Haugesund i sør.

– Ulempene er spesielt dei geografiske avstandane. Me vil ikkje få dei gevinstane me ville ha fått viss institusjonane låg nær kvarandre. Det kan bety meir byråkrati, seier Stokke.

For dårleg forsking har vore eit hovudargument kunnskapsministeren har brukt for å pressa HiSF inn i ein fusjon.

– Forskinga vår er på god veg oppover, men ein fusjon i seg sjølv gir oss ikkje gevinst. Det vil verken styrkja eller svekkja, viser rapporten. Slik sett er det ein litt enkel argumentasjon å seia at alt blir så mykje betre berre me finn saman.

Lærarutdanning er akilleshælen

Rapporten trekkjer fram fleire positive verknader ved ei samanslåing:

– Me kan skapa eit breiare utdanningstilbod. Ein fusjon vil òg skapa ein større region, som me kan gi eit betre tilbod saman, enn kvar for oss.

Ein fusjon kan òg vera med å tryggja den utsette lærarutdanninga ved HiSF. Frå 2017 blir denne femårig, men HiSF vil truleg slita med å innfri dei nye krava.

– Me jobbar hardt med denne utfordringa. Det blir lærarutdanning her frå 2017, men ho kan bli lettare å få til i ein fusjon, fordi me då får eit felles fagmiljø som kan støtta kvarandre. Lærarutdanninga vil vera eit tung argument for om me i februar neste år vel å gå inn i fusjonsforhandlingar eller ikkje.

Forventar pengar og studieplassar

Dei tre rektorane skal møta kunnskapsministeren i januar. Stokke har klare forventningar.

– Utan støtte direkte til fusjonsarbeidet vil dei tre organisasjonane blir svekte. Og me ventar dessutan at ministeren satsar på oss–med nye studieplassar og stipendiatstillingar–viss me vel å gå vidare.

Tilrår forhandlingar

Kunnskapsdepartementet har i 2016 sett av 175 millionar kroner til å støtta opp under fusjonsarbeida i landet. Statssekretær Bjørn Haugstad (H) kan ikkje lova HiSF nye studieplassar og stipendiatstillingar, men seier at ein fusjon vil gjera den nye store eininga meir attraktiv for å få tildelt slike:

Bjørn Haugstad

FUSJONSIVRIG: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet ber dei tre høgskulestyra på Vestlandet å seia ja til fusjonsforhandlingar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me ser at ei framtidig stor profesjonsutdanning på Vestlandet vil trenga drahjelp.

Haugstad er usamd i at han og kunnskapsministeren har sagt at ein fusjon i seg sjølv er løysinga for dei mindre høgskulane i landet:

– Me har insistert på at ein fusjon er heilt naudsynt, men har ikkje sagt at det automatisk vil skapa kvalitetsheving.

Haugstad meiner omsynet til lærarutdanninga kan bli avgjerande for om HiSF går inn i ein fusjon eller ikkje:

– Høgskulen er kjent for å ha ei god lærarutdanninga, også i samarbeid med kommunane og fylket. Men når me skal heva den faglege standarden, er eg bekymra for om den noverande lærarutdanninga i Sogn og Fjordane er sterkt nok.