– Leiinga er nøgd med rapporten, fordi han er nøktern.
I varsame ordelag orienterte rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) høgskulestyret om den førebelse fusjonsrapporten 17. desember. Stokke vil ikkje kommentera innhaldet før utgreiinga blir offentleg seinare i dag.
«EI NØKTERN UTGREIING»: - Rapporten gir ikkje svar på om me bør gå vidare i fusjonsforhandlingar eller ikkje. Det må styret finna ut sjølve, seier høgskulerektor Rasmus Stokke, her i samtale med styremedlem Åse Neraas under styremøtet 17. desember.
Foto: Noralv Pedersen / NRKMen etter det NRK kjenner til, skal ein av konklusjonane vera at ei samanslåing av HiSF og høgskulane i Bergen (HiB) og Stord/Haugesund (HSH) i seg sjølv ikkje automatisk vil føra til betre forsking og utdanning.
Fusjon som sjølve løysinga
Det står i kontrast til bodskapen frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), som gjentekne gonger har sagt at HiSF bør slå seg saman med andre for å betra kvaliteten:
– Har du små og fragmenterte fagmiljø, blir ikkje forskinga og utdanninga bra nok. Difor har me sagt til alle institusjonane: Sjå dykk om etter partnarar, sa statsråden 23. februar:
VIL VERA SJØLVSTENDIG: Høgskulen i Sogn og Fjordane har streta mot tvangsekteskap med andre. Fjernsynsreportasje, 23. februar 2015
Det er denne insisterande haldninga som er bakgrunnen for at forskingsinstituttet NIFU har greidd ut ein storfusjon mellom HiSF, HiB og HSH frå 2017.
Presset kjem òg frå Stortinget som tidlegare i år vedtok ei rekkje kvalitetskrav som alle høgskular og universitet må innfri.
Måtehalden utgreiing
Å stetta desse krava blir altså ikkje i seg sjølv lettare for HiSF ved ein fusjon. Kvalitetshevinga må dei tre eventuelt samanslåtte høgskulane skapa sjølve.
Slik kunne iallfall Stokke tolkast då han i generelle vendingar orienterte høgskulestyret om ein førebels rapport sist torsdag:
– Utgreiarane har vore nøkterne i kva me har å henta i ei samanslåing kontra det å stå åleine.
Tilrår samanslåing
Sjølv om rapporten skal slå fast at ein fusjon ikkje automatisk vil betra forskinga og utdanninga, skal utgreiinga likevel tilrå høgskulen å gå inn i ei samanslåing, fordi moglegheitene for å styrkja seg på fleire område er større enn dei negative verknadane.
Samstundes skal utgreiinga etter det NRK kjenner til vera måtehalden til vidare åleinegang.
KREVJANDE VAL: 4 februar skal styremedlem Jan Olav Fretland (midten), styreleiar Trond Ueland (t.h) og resten av høgskulestyret seia ja eller nei til fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.
Foto: Noralv Pedersen / NRKLagnadsdato: 12. mai
Høgskulestyret står framleis fast på at sjølvstende vil vera det beste. Men i haust sa styret samstundes ja til storfusjonsutgreiinga, som kjem i dag.
- Les òg:
4. februar må styret bestemma for om dei skal gå inn i samanslåingsforhandlingar med HSH og HiB.
– Me kan forhandla fram til styremøtet 12. mai. Då må styret ta ei endeleg avgjerd om høgskulen skal fusjonera, seier styreleiar Trond Ueland.
Volda framleis aktuell
I nordfylket vurderer Høgskulen i Volda (HiV) å skipa ein allianse med høgskulane i Molde og Lillehammer. HiV vil gjerne ha HiSF med der. Ein slik alliansemodell vil vera lausare i fisken enn ei rein samanslåing. Kunnskapsministeren skal seia ja eller nei til dette i midten av januar.