Den nye Sogndalspakken kan i tillegg bli slått saman med eit anna stort vegprosjekt i kommunen, der ein fire kilometer lang tunnel like utanfor sentrum er eitt av alternativa. Det seier Laura Kvamme i Senterpartiet.
– Vi trur at ved å sette fokus på begge to så kan det kanskje vere ei hjelp til vegvesenet som planlegg å vite at vi er veldig interesserte i å få gjort noko med begge strekningane.
Les også:
Byrja planlegginga på 90-talet
Dei to prosjekta har i tiår eksistert berre på skissebrettet. Å la trafikken gjennom sentrum gå under jorda, er ein tanke politikarane har brygga på sidan nittitalet.
Medan planane om å oppgradere vegen frå like utanfor sentrum til museet på Kaupanger, delar av den i tunnel, såg dagens lys for ti år sidan. No ønskjer politikarane å gjere draumar om til verkelegheit.
Les også:
– Senterpartiet meiner at for å komme ut av denne "ønskje-fasen" så må vi prøve å ta diskusjonen om det skal vere medfinansiering, som er eit anna ord for bompengar.
Bompengar er berre aktuelt for det såkalla miljøloket i sentrum. Og politikarane har berre sagt seg villige til å vurdere ei slik løysing.
– Eit viktig debattinnlegg
Likevel har forslaget brei politisk oppslutning. For Statens vegvesen er signalet viktig, seier Kjetil Kvåle.
– Det er eit viktig signal dersom vi får det samla tilbake frå Sogndal kommune. Då vil vi gå i gang med den vinklinga på det for miljøloket i Gravensteinsgata er eit typisk sentrumsprosjekt som er aktuelt for ei delt finansiering.
Det vil vere eit viktig grep dersom miljøloket skal ha ein sjanse til å kome med i neste Nasjonale transportplan, seier Kvåle.
– Tidspunktet er også rett for å komme med dei lokale politiske innspela, for no byrjar vi å legge grunnlaget for prioriteringane for 2018 og utover.