Hopp til innhold

I dag forsvann Fatlabommen - Sogn og Fjordane er eit fylke utan bompengar

LEIKANGER (NRK): Frå klokka 12.30 i dag var det slutt på innkreving av bompengar på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Dermed er Sogn og Fjordane utan bompengar, om ein ikkje reknar ferjebillettane som bompengar.

Bomskiltet i Fatla nedskrudd

INGEN TÅRER: Det er berre glede over at skiltet som fortel om bompengar i Farlaberget er skrudd ned.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eitt av grepa Høgre/Frp-regjeringa tok tidleg var å varsle fjerning av bompengar på nokre vegar, mellom dei på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Der vart det innført bompengar i 2008 for å finansiere rassikringa med tunnelar gjennom Fatlaberget og Stedjeberget.

Olav Lunden

- FLOTT DAG: Ordførar Olav Lunden seier dei har oppnådd det dei ville.

Foto: Anne-Mari Endrestøl / NRK

Ordførar Olav Lunden i Leikanger seier dette er ein gledens dag.

– Ja, dette er ein flott dag. Ein solskinsdag i tillegg. No har vi oppnådd det vi ville. Vi har fått sikra Fatlaberget med tunnel. Vi måtte delfinansiere det med bompengar i ein periode, og no har regjeringa bestemt at Staten overtek. For kommunane og pendlarane er det ein flott dag.

Slutt på bompengar i Fatla

SOLSKINSDAG: Fint ver, statssekretær frå Frp og ei handfull menneske på plass då det vart markert at bilistane kan køyre gratis mellom Sogndal og Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lunden trur det får mykje å seie at dei no slepp å betale for å kome seg mellom Sogndal og Leikanger.

– Vi ser at vi har eit område som er ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det opnar seg endå meir når vi no får vekk bommen.

Per Otto Hauge

- FØLEST BRA: Per Otto Hauge var første bilist som fekk køyre gratis gjennom bommen

Foto: Anne-Mari Endrestøl / NRK

– Sparer ein del pengar

Det er mellom 1700 og 1800 bilar som dagleg passerer bommen. Per Otto Hauge fekk gleda av å vere den første bilisten som fekk køyre gratis forbi bommen som no er historie.

– Det følest bra, absolutt. Det er positivt frodi vi sparer ein del pengar på det i løpet av året, sjølv om eg ikkje køyrer her så mykje. Det betyr meir for andre.

Synest du det er rett prioritering av Høgre/Frp-regjeringa å bruke samferselspengane på å legge ned bomstasjonar som noko av det første dei gjer?

– Dei vil vel nå ut til folket, og dette er jo positivt for alle.

Heilt slutt på bompengar

Då statssekretær Jon Georg Dale (Frp) fredag var med på å skru ned skiltet som markerte bompengeinnkrevinga på vegen mellom Sogndal og Leikanger gjorde det Sogn og Fjordane til eit bompengefritt fylke, om vi då ikkje reknar ferjebillettane for bompengar.

For ikkje mange år sidan hadde Sogn og Fjordane ein god del - og ikkje minst dyre bomvegar. Skulle folk i Florø til Oslo med bil via Lærdal måtte dei først betale 45 kroner på vegen Florø-Førde, så var det 180 kroner mellom Skei og Sogndal og deretter bompengar som ein del av ferjebilletten på Mannheller-Fodnes.

Svend Arne Vee

HALVERTE UTGIFTENE: Redaktør Svend Arne Vee kan gle seg over billegare årdalsturar, men er langt frå bompengemotstandar.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Ein årdalstur kosta 1200 kroner

Svend Arne Vee er redaktør i Firdaposten i Florø. Han er opphaveleg frå Årdal, og tek gjerne turen dit ein gong i månaden for å treffe familien og nyte livet på hytta. Den turen har blitt vesentleg rimelegare enn for nokre år sidan.

– Den tida det var bompengar å betale både på Svarthumle, i Fjærland og på ferja Mannheller-Fodnes rekna eg ut at ein tur frå Florø til Årdal og tilbake kosta meg 1200 kroner med drivstoff. No er det godt under halvparten.

Men sjølv om Vee er glad for at årdalsturane ikkje lenger gjer like store innhogg i familieøkonomien er han ikkje bompengemotstandar. Han trur til dømes at vegen mellom Sogndal og Skei ville ha kome langt seinare utan bompengar.

– Om vi hadde hatt den vegen i dag utan bompengar så hadde det iallfall vore med knapp margin. Det ville ha teke mykje lengre tid.

Fjærland bomstasjon

HISTORIE: Bomstasjonen i Fjærland, der personbilistar måtte betale 180 kroner for å passere.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Paradoks

Og redaktøren i Firdaposten meiner det er ein tankekross at den nye leiinga i Samferdselsdepartementet er så store motstandarar av bompengefinansiering

– Det er eit paradoks at vi har eit regjeringsparti som har gjort det til ei fanesak å halde brukarfinansierte vegprosjekt nede. Når folk blir spurde er det etter kvart blitt ei ganske stor forståing for at ein skal få vegprosjekta gjennomførde medan ein framleis er i live.

Svend Arne Vee er redd for at viktige vegprosjekt kan li under haldninga til Frp.

– Vi er blitt eit bomfritt fylke, det er sikkert Frp nøgd med, men eg håpar vi ikkje blir ein faneberar for det, og at det vil kvele gode, brukarfinansierte vegprosjekt, det ville vere synd.

Jon Georg Dale

- NY POLITIKK: Statssekretær Jon Georg Dale fekk skru opp boltar i fundamentet til bompengeskiltet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ny regjering, ny politikk

Statssekretær Jon Georg Dale (Frp) var til stades då bomstasjonen i Fatlaberget vart lagd ned, han fekk æra av å skru opp eit par boltar i fundamentet til bomskiltet. Og han gledde seg over oppdraget.

– Eg er tilfreds dersom sogningane er nøgde med dette grepet. Dette viser at ei ny regjering medfører ny politikk. Vi har gått kritisk gjennom nokre bompengeprosjekt og avvikla mellom anna dette, der 27 prosent av bompengane ville ha gått til administrasjon.

– Frp lova også å flytte starten av Vikafjellsvegen fram, kva er grunnen til at grepet med å fjerne bomstasjon er viktigare enn å flytte Vikafjellsvegen fram til første planperiode?

– Vi seier ikkje at dette er viktigare, men dette var eitt av grepa vi fekk på plass etter tre veker i regjeringskvartalet. Vi jobbar løpande med korleis vi skal satse meir på veg enn det som går fram av Nasjonal Transportplan (NTP).