Hopp til innhold

Rekordvarm septemberdag fleire stader

Fleire stader i fylket noterte seg torsdag med varmerekord for september, og det var nok siste sjanse.

Sola skein over Soleibakkvatnet i Sogn torsdag.

VARM SEPTEMBER: Sola skein over Soleibakkvatnet (1304 moh.) i Sogn torsdag.

Foto: Jan Christian Jerving

– Fureneset, Bringeland og Kråkenes hadde alle den varmaste dagen i september som er målt for desse stasjonane, seier vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Arnstein Tjøstheim

NYT DAGEN: Prognosane til meteorolog Arnstein Tjøstheim tyder på lågare temperaturar i dagane framover, så det er berre å nyte sola resten av torsdag og fredag.

Foto: Astrid Rommetveit

Ved målestasjonen Furuneset i Fjaler vart det målt 26 grader, noko som er høgste måling sidan 1987. Bringeland toppa rekorden frå 2002 med ei heil grad då det vart målt 24,9 grader torsdag. Og ved Kråkenes synte termometeret i dag 24,3 grader.

Snur i helga

I nær heile landet har sola freista med sine varme strålar.

– Det har vore kjempefint vêr i store delar av landet, og enkelte stader er det lenge sidan det har vore så varmt i september, seier meteorologen.

Likevel har det til dømes i Lærdal ikkje vore varmare enn 15,7 grader. Og dei temperaturane er nok det ein kan forvente seg frå helga av, for fredag takkar septembervarmen for seg.

– Det ser ut som at varmen gir seg i løpet av fredag og laurdag, men det blir lite nedbør ser det ut som. Det blir byer frå fredag ettermiddag, kveld og natt til laurdag, men så gir det seg. Då blir det ikkje så mykje nedbør, men heller ikkje så mykje sol, seier Tjøstheim.

Tjukk tåke dekka delar av Lærdal torsdag.

SKODDE: Lærdal toppar ofte temperaturstatistikkane, men torsdag la skodda seg godt ned i bygda, og dermed noterte dei seg berre med 15,7 grader.

Foto: Jan Christian Jerving