NRK Meny
Normal

Rekordmange filmar påmelde til Sogndal Filmfestival

70 filmar er påmelde til Sogndal Filmfestival i år. Det er 25 fleire filmar enn i fjor.

Juryen

HAR LITT AV EIN JOBB: Her er juryen; f.v. Stein Magne Os, Bjørn Bergum, Lene S Neverdal, Marte Bjørnstad Andressen og Torben Stedje.

Foto: Pressefoto

– Vi er svært nøgde med den store interessa for å lage og melde på filmar. Påmeldinga er over all forventning, seier festivalsjef Silje Bråstad.

Ho fortel at det er fleire ulike filmmiljø som har levert filmar.

Dette er den sjuande filmfestivalen i Sogndal. 19 engasjerte elevar ved Sogndal vidaregåande skule er med på å arrangere festivalen. Fram til 5. mars kunne ein sende inn kortfilm for å bli med på konkurransen.

– Fleire aktørar på bana

– Det er spesielt kjekt å sjå at produsentar utanfor skulemiljøa også er viktige bidragsytarar, seier Bråstad.

Silje Bråstad (fremst, Grete Olin Vik Osland og Nicolai Lie Kortner i Sogndal Filmfestival

PROGRAMKOMITEEN: Silje Bråstad (fremst), Grete Olin Vik Osland og Nicolai Lie Kortner.

Foto: Pressefoto

Blant dei er VolleFilms og Volle Motion i Sogndal og Bjørnar Hegg Lunde frå Lærdal.

– Alle desse har vakse fram i kjølvatnet av filmaktiviteten på medielinja i Sogndal, seier Bråstad.

Festivalen går av stabelen 19.–20. mars i Sogndal kulturhus.

Stort spenn i kategoriar

Nytt av året er at det er åtte kategoriar. Desse er:

  • Publikumsprisen i samarbeid med NRK
  • Fagjurieprisen i samarbeid med Sparebanken Vest
  • Beste dokumentar
  • Beste fiksjon
  • Beste informasjon
  • Beste musikkvideo
  • Beste visuelle kunst
  • Beste junior

– Også dei under 16 år er aktive bidragsytarar til juniorprisen, seier Bråstad.

Blant dei større dokumentarprosjekta som er innleverte til festivalen er to filmar for Dans Utan Grenser, der dansemiljøa i Luster og Førde er på turné i Baltikum.

Litt fag og litt moro

– Det har også komme inn filmar som er produserte i tilknyting til Fjellsportfestivalen i Sogndal, seier Bråstad.

I tillegg til gallakveld med prisutdeling vil festivalen innehalde ein fagdag, workshop og filmvisning.

NRK.no legg ut kandidatane til publikumsprisen til avstemming neste veke. Vinnaren blir kåra på gallakvelden i Sogndal måndag 19. mars.

Meir informasjon om festivalen finn du på www.sogndalfilmfestival.no

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.