Med raud løpar, faklar, svarte konvoluttar og gallaantrekk var Sogndal Filmfestival ei glamorøs affære.
Dei unge festivalarrangørane i 3. klasse på media- og kommunikasjon i Sogndal fekk inn over 40 filmar til festivalen.
– Det er eit gledeleg høgt nivå, fortel juryleiar Stein Magne Os. Han har sjølv mykje erfaring frå dokumentarfilmproduksjon og ei lang karriere i NRK.
– Det er godt nivå på filmarbeid, foto og regi, til manus og skodespel. Dei siste åra har vi merka at nivået i norsk filmbransje går oppover, fortel han.
Yngste vinnar er 15 år
Den yngste vinnaren på festivalen var Ruben Flatjord Kjøsnes frå Skei. Han vann i kategorien beste junior, for filmen «Pelle oppå heida». Den starta som eit skuleprosjekt, og enda på festival, fortel den unge filmskaparen.
– Det er veldig kjekt. Det er mange gode fimar her. Men eg veit ikkje om eg vil lage meir film enda, fortel Kjøsnes.
For dei unge filmskaparane er det viktig å ha ein slik arena å vise seg fram og bli kjende med bransjen, meiner juryleiar Svein Magne Os.
– Det er utruleg kjekt for oss å sjå korleis dei unge uttrykker seg gjennom film. Dei tek opp vanskelege og viktige tema. Alt frå mobbing, kjærleikssorg og viktige politiske tema.
Filmskaparar frå Sunnmøre fekk fire prisar
Filmen «the Letter» tok storeslem på festivalen. Bak Tonev films står regissør Simon Gjerde Tonev. Han og 26 andre unge frå Hareid på Sunnmøre har laga filmen i løpet av dei to siste åra.
– «The Letter» er ein historie om tilgiving, kjærleik og håp. Hat kan ikkje nedkjempast med hat, fortalde produsent og regissør Simon Gjerde Tonev til NRK Møre og Romsdal før jul.
Prosjektet til dei unge filmskaparane er betalt berre av regissøren si eiga lomme. Det var den filmen NRK Sogn og Fjordane sine lesarar likte best, og den fekk 16,8 prosent av stemmene i avstemminga.
Her er vinnarane frå festivalen:
Vinnar av publikumsprisen, beste etterbehandling, beste regi og manus og juryprisen: «The Letter»
Beste film i juniorklassa: «Pelle oppå heida»
Vinnar av beste film: «Hjartebarn»
Vinnar i seniorklassa: «Oslo Traffic»
Beste sportsfilm: «Vår beste dag»
Ein skifilm laga av Ranglefant film med regissør Mattias Myklebust. Du kan sjå filmen på her.