Hopp til innhold

Rekordår for lydbøker

I fjor vart det lånt rekordmange lydbøker i Sogn og Fjordane. Det viser ferske tal frå Fylkesbiblioteket.

 

Krimbøker, lydbøker
Foto: Kristin Rivrud / NRK

Biblioteksjef ved Førde Bibliotek Marie Dombestein seier dei merkar auken godt.

- Nesten alle lydbøkene på CD var tømt før påske. Vi ser ein stor etterspurnad etter slike bøker særleg når folk skal på ferie, folk vil ha med seg bøker i bilen, både til vaksne og til unge.

Vanleg bok ut

Medan utlånet av tradisjonelle bøker har sunke noko dei siste åra, har interessa for lydbøker aldri vore så høg som i fjor. Då lånte vi nesten 38.000 lydbøker her i fylket, og det er 9.000 fleire enn året før.