Hopp til innhold

Rekordår for dei lokale bryggeria

2011 er det store gjennombrotsåret for lokalt øl: No har så mange lyst på øl, at vesle Kinn bryggeri ikkje klarer å produsere nok.

Kinn bryggeri går så det susar

EKSPLOSIV VEKST: Skal du ha lokalt øl, må du snart stille deg i kø - dei lokale bryggeria klarer ikkje produsere nok. Biletet er frå Kinn bryggeri i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det største problemet vårt er å klare å produsere nok og dekke etterspurnaden. Då må vi finn oss nytt lokale og kjøpe eit mykje større bryggeri, seier Espen Lothe.

Han er dagleg leiar ved Kinn bryggeri i Florø, og opplever denne sommaren å ha det meir hektisk enn nokon gong.

Bryggeriet har tre tilsette, som alle gjer sitt beste for å tilfredsstille øltørste kundar.

– Luksusproblem, men stressande

I fjor selde Kinn bryggeri 33.000 liter øl. Med fire månader igjen av året er den rekorden allereie slegen. Kinn reknar med å ha seld heile 80.000 liter før året er omme.

– Du kan seie at det er eit luksusproblem, men det er stressande også. Vi må heile tida bryggje så mykje vi greier, seier Lothe.

– Vinmonopolet sel nesten dobbelt så mykje sterkøl i juni i år som dei gjorde i juni i fjor. Det er ei ganske dramatisk auke, seier den daglege leiaren.

– Hatt utruleg vekst i fire år

Også ved Ægir bryggeri i Flåm går det mot ein draumesesong. I fjor selde bryggeriet 125.000 liter øl, medan dei i år kjem til å runde 200.000 liter.

– Det har vore heilt fantastisk. Vi har no vore i drift i fire år, og vi har hatt ein utruleg vekst – og no ser det ut for at 2011 blir eit heilt eksplosivt år i ølsalet. Og vi ventar at det held fram, seier dagleg leiar Evan Lewis.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Evan Lewis

SER LYST PÅ FRAMTIDA: Evan Lewis ved Ægir bryggeri i Flåm håpar trenden og etterspurnaden held fram også i åra som kjem.

Foto: Arne Veum

Ein eldgammal mat- og drikkekultur

Også Bryggeri- og Drikkevareforeningen trur utviklinga vil halde fram i tida som kjem.

– Det er ikkje overraskande at utviklinga har komme til Norge, men det er utruleg kva fart det har skote det siste året. I Danmark byrjar mikrobryggjeri å gå konkurs, men i Norge går det førebels berre oppover, seier direktør Petter Nome.

– Det er bra for næringslivet i distrikta, og så er det ikkje minst ein mat- og drikkekultur i Norge som er 3000 år gammal, legg han til.