Hopp til innhold

Stor suksess for lokalt øl

Lokalt øl frå små bryggeri har blitt populært. Det lokale juleølet vart utseld frå Vinmonopolet allereie før julesesongen var skikkelig i gong i byrjinga av desember.

Ægir flasker

POPULÆRT ØL: Flaskene frå Ægir i Flåm og frå Kinn bryggeri i Florø forsvann fort frå butikkhyllene før jul.

Foto: Evan Lewis

Kinn bryggeri i Florø har selt over budsjettet i sitt første produksjonssår, fortel mikrobryggar Espen Lothe.

– I år har salet gått veldig bra. Vi har seld ut alt vi hadde av flaskeøl for butikkar, seier han.

Kinn bryggeri i Florø starta opp i desember 2009. Etter første leveår kan Espen Lothe slå fast at det er eit marknad for lokalt øl. Dei har selt 33 000 liter med øl i år, ti prosent over budsjettet.

– Det er meir enn det vi venta på førehand.

Forsvann fort

Lokalt øl har blitt trendriktig, ikkje minst i juletider. Vinmonopolet har hatt juleøl frå Ægir bryggeri i Flåm i sitt sortiment. Dei fleste pola i Sogn og Fjordane var utselde i byrjinga av desember. På polet i Stryn seier dagleg leiar Marit Nordheim Otterdal at dei kunne ha selt det dobbelte.

– Det har gått veldig fort ut igjen. Vi fekk inn nokre kassar for å prøve, og dei vart fort utselde.

Kundane hos Otterdal har etterspurt øl frå Kinn bryggeri.

– Det med mikrobryggeri er noko som kjem meir og meir, og folk blir meir interessert i lokale bryggeri, seier Nordheim Otterdal.

Håper på 50 prosent auke

Denne etterspørselen satsar Lothe på å møte til neste år. Då blir Kinn å finne i Vinmonopolets sortiment.

– No vil vi få inn ein betre distribusjon til restaurantar gjennom ein grossist. Vi vil også komme inn på Vinmonopolet med fleire typar sterkøl. Ein auke på 50 prosent frå 2010 til 2011 kan vere innan rekkevidde.