Hopp til innhold

Ølsuksess i Flåm

Det nystarta mikrobryggeriet Ægir i Flåm har hatt stor suksess sidan starten i juni i år.

Ægir bryggeri
Foto: Evan Lewis

Bryggeriet lagar fem øl-typar og omsetnaden har vore kring 2 millionar kroner i år.

- Det er tre gonger så stor omsetnad som i fjor, då vi berre selde tradisjonelt øl, seier ølbryggar Evan Lewis.

Han seier salet har gått langt over alle forventningar.

- Eg kunne ikkje tru i byrjinga at det skulle gå så bra, men folk har vore ekstremt positive, seier Lewis.

I balanse alt første året

Evan Lewis

Evan Lewis

Foto: Arne Veum

Det vart investert 10 millionar kroner i det nye bryggeriet i Flåm, og Lewis seier målet var å få drifta i balanse etter tre års tid - men no ser det altså ut til at dei går i balanse alt første året.

Turistar og fastbuande i Flåm og omegn kjem til å drikke 25.000 liter av Lewis sine ølsortar i år - og han er svært nøgd med at dei som tidlegare drakk eitt glas pils, gjerne drikk to av hans øl.

- Folk likar ølet mitt, så dei kjøper meir, seier han.

Tappar på flaske

Ægir flasker

Bryggeriet produserer fem typar øl

Foto: Evan Lewis

No når det går mot vinter er det ganske stille i bryggeriet, men neste år satsar Lewis på flaskeomsetnad.

- No kan eg fokusere på å tappe på flaske og få ein avtale med vinmonopol, butikkar, hotell og restaurantar. Vi har hatt etterspurnad frå forskjellige plassar i Sogn og Hordaland, så framtida ser bra ut, seier han.