Hopp til innhold

Reiselivet oppgitt over pengebruken på Sognebåten

Samstundes som billettprisane blir auka, skal Norled få 2,7 millionar kroner årleg i kompensasjon frå fylkeskommunen for tapte billettinntekter på Sognebåten. Reiselivet har lenge har bedt om den same summen i arbeidet med å flytta endestoggen til Flåm.

M/S "Tyrving", Norled, med M/S "Tansøy", Fjord1, i bakgrunnen

M/S

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– No skal fylkeskommunen bruka like mykje pengar på kompensasjon for færre reisande på båten, som me ønskjer å bruka for å auka talet reisande på båten. Det er heilt uforståeleg logikk, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Får kompensasjon for færre reisande

Hovudutval for samferdsle vedtok den 24. oktober den mykje omtalte utjamninga av billettprisar. Billettprisane på båten mellom Sogndal og Bergen har i 20 år vore billegare enn båten mellom Selje og Bergen, sjølv om segla distanse er omtrent det same. Sognebåten blir opp mot 25 % dyrare frå enkelte stopp, medan Nordfjordekspressen blir litt billegare. Det skapte harme langs Sognefjorden.

– Prisauken er for drastisk. I Balestrand får me ei prisauke på 16 prosent og i praksis er dette ei sniknedlegging av Sognebåten, sa Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, til NRK for ein månad sidan .

Samstundes vedtok utvalet at Norled skal få 1,35 millionar kroner i inntektskompensasjon i 2018 og 2,7 millionar årleg frå 2019 og fram til kontrakten går ut i 2022. Det er fordi risikoen er stor for at det blir færre reisande når prisane går opp.

Vil til Flåm

Ståle Brandshaug

REISELIVSDIREKTØR: Ståle Brandshaug er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Sterke krefter i Sogn har lenge jobba med å få endra Sognebåten sin endestogg til Flåm. At fylkeskommunen no vil gi om lag den same summen i kompensasjon for færre reisande, som Brandshaug har bedt om til arbeidet med å flytta endestoggen, tykkjer han er merkeleg.

– Det er forståeleg at takstane må utjamnast. Men ruta har dalande trafikk. Reiselivet er i vekst, så å flytta stoggen til Flåm kan vera redninga for ruta, seier Brandshaug.

– Me ser saka om endestogg og saka om takstane i samanheng, og det må politikarane gjera også. Me er ikkje usamde i prisharmoniseringa, men det må takast over tid, slik at ein ikkje spenner bein under heile arbeidet med å få opp att trafikken på Sognebåten, held Brandshaug fram.

Nye møter om nokre veker

I slutten av november og byrjinga av desember skal saka om kor endestoggen skal ligga, opp i høvesvis Hovudutval for samferdsle, Fylkesutvalet og Fylkestinget.

Helen Hjertaas i Vågsøy Ap

FYLKESPOLITIKAR: Helen Hjertaas (Ap) er nestleiar i Hovudutval for samferdsle.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Helen Hjertaas (Ap), nestleiar i Hovudutval for samferdsle, seier følgjande til kritikken frå reiselivet i Sogn.

– Det er viktig at me har lik pris til kollektivtransporten. Me er sjølvsagt villige til å leggja til rette for at kollektivtilbodet også skal vera bra for reiselivet, men det er ein liten del av det. Når me gjer endringar i avtalen, så vil som regel aktøren nyta godt av at me gjer endringar, seier ho.