NRK Meny
Normal

Regnet kan framleis skape trøbbel

Trass i store nedbørsmengder gjennom helga er det ikkje meldt om skadar eller større problem i fylket. Men nedbøren held fram og kan by på problem.

Gå til forsiden

Flaum i Førde desember 2015

Flaum i Førde

Flaum i Førde desember 2015

6 bilder

    – Det er frykteleg vått rundt om kring. Det har vore mykje regn og vind. Det er gult varsel i høve flaum, og vi er redde for lokale oversvømmingar og problem med nedbøren som kjem, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

    Regnet har hølja ned over heile fylket både laurdag og søndag, og det er framleis ikkje slutt, også måndag kan det kome mykje regn. Størst problem har regnet skapt i Aurland, der den kommunale vegen til Flåmsdalen er stengd ved Geithusberget. Også Flåmsbana står på grunn av ras ved sporet.

    Også andre stader er det meldt om nokre endringar grunna vêret:

    • Osen bru på fylkesveg 422 er stengt på grunn av flaum
    • Fylkesveg 610 er stengt grunna flaum, ved Hestad kapell aust for Sande
    • Rugsundbrua på strekninga Smørhamn–Isane er stengt grunna sterk vind
    • Kraftig vind og snø kan føre til vanskelege køyreforhold på fjellovergangane

    Verken politiet eller Alarmsentralen har fått meldingar om problem på grunn av nedbøren.

    Må passe seg nær elvene

    Snøgrensa ligg no på kring 1000 meter, men Samdal håpar denne grensa i løpet av kort tid kryp nedover.

    – Etter kvart som temperaturen søkk vil det bli snø i høgfjellet. Det hjelper på situasjonen, trur Samdal.

    Han trur det er dei indre delane av fylket som vil merke nedbøren måndag best, men det kan vere store lokale variasjonar.

    – Det kan bli lokale problem i nær alle kommunar i fylket i dag. Folk må passe seg når elva trekk seg tilbake, for elvekantane er gjerne ustabile og svake, seier Samdal.

    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå