Hopp til innhold

Reglar for sjukeheimbesøk i Flora

Formannskapet i Flora gjekk tysdag inn for at politikarane må gje beskjed til tenesteleiar i kommunen når dei skal besøke kommunale institusjonar.

Bakgrunnen for regelen er at ein politikar i fjor besøkte Flora sjukeheim utan at det var meldt til andre enn ein tilsett på sjukeheimen.

- Kan skade demokratiet

Tidlegare har jussprofessor Jan Fridthjof Bernt sagt at det kan skade demokratiet om folkevalde ikkje kan kome uanmelde på institusjonsbesøk.

Bente Frøyen Steindal
Foto: NRK

- Må gje beskjed

Det er ikkje ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, samd i.

- Når du skal på besøk til ein sjukeheim, må du gje beskjed om at du kjem, for dei må legge til rette slik at dei tek omsyn til teieplikt og personvern. Ein kan ikkje gå rett inn der, det trur eg heller ikkje at nokon trur.

- Men kvifor er det naudsynt å vedta reglar om dette?

- Fordi det har vore ein diskusjon om dette, det er tidlegare vedteke i formannskapet at vi skulle sette oss ned og sjå på dette, og no er det bestemt at vi skal ha slike reglar.

Reglane vart vedtekne med sju mot fire røyster. Frp, Høgre og SV stemte imot.