Hopp til innhold

Regjeringa vurderer å forby «pøbelgrana» – skogeigar fortviler

SILDA/BYGSTAD (NRK): Den svartelista sitkagrana blir kalla «folkefiende» og «pøbelgran», men skogbrukarar er klare til å kjempe mot eit forbod mot den omstridde tresorten.

Helge Kårstad på Kårstad i Bygstad

SØRGJELEG: Helge Kårstad i Bygstad i Gaular tykkjer det er sørgjeleg at sitkagrana har fått eit dårleg rykte. Han skulle gjerne sett at det vart planta meir sitkagran på Vestlandet

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Sitkagrana er kanskje det beste treslaget vi har. At det no blir prata om eit forbod er veldig sørgjeleg, ein må sitje på eit kontor i Oslo for å kome på noko slikt, seier skogeigar Helge Kårstad.

Han prøvde å hogge sitkagran for første gong midt på åttitalet.

– Og etter at eg hadde levert frå meg virket til sagbruket, ringde dei meg opp att og lurte på om eg hadde meir. Dei var frå seg av begeistring.

Og det er ikkje så rart, for den nordamerikanske gransorten veks dobbelt så raskt som norsk gran, er lettare og hardare.

Men likevel er det mange som ikkje er samde med Helge Kårstad og andre skogeigarar i det heile teke. Nokre blir tvert om sinte når dei pratar om sitkagran.

– Det er det største trugsmålet mot biologisk mangfald i Noreg i dag. Det er ein framand art som øydelegg naturen vår, seier frivillig sitkagranfellar Anders Helle frå Norsk botanisk forening.

Og det er dette synet som har gjort at regjeringa no har bestemt seg for å greie ut eit totalforbod mot planting av sitkagran i Noreg.

Anders Helle feller Siktagran på Silda

IDEALIST: Anders Helle i Norsk botanisk forening er ein idealist, som brukar mykje av fritida si på å felle sitkagran. Han meiner at sitkagrana er det største trugsmålet mot biologisk mangfald i Noreg i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi angrar på at vi planta sitkagrana

Sitkagrana høyrer eigentleg heime i Alaska, men vart importert til vestkysten av Noreg frå byrjinga av nittenhundretalet.

I tillegg til at ho veks raskare enn norsk gran, toler ho sjøsprøyt og vestnorsk klima betre enn dei fleste tresortar. Ytst ute på kysten planta dei sitka for å gje gardar og hus vern mot vinden. Lenger inne i landet var planen å kunne tene pengar på den produktive grana.

Begge deler har til dels mislukkast.

– Vi hadde ikkje god nok kunnskap om kva vi gjorde då vi planta ut sitkafrø. Vi fekk tilsendt gratis frø frå staten, og skuleungar fekk fri frå skulen for å vere med å plante. Vi visste verkeleg ikkje at øya skulle bli totalt okkupert av denne tresorten, seier Gerda Silden Totland.

Gerda Silden Totland

FORTVILA: Gerda Silden Totland vaks opp på øya Silda då det nesten ikkje stod eit einaste tre der. Ho er fortvila over at sitkagrana, som ho var med på å plante, nærast har teke over øya.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er eit mirakel at nokon vil hjelpe oss

På øya Silda utanfor Måløy i Nordfjord vart det etter krigen planta sitkagran i utkantane av gardane på øya. Sidan har alle som dreiv med landbruk på øya lagt ned, og grana har fått herje fritt på den tidlegare trelause øya.

Lokalbefolkninga har i mange år fortvila over at grana tek stadig meir av utsikta deira, men i sommar fekk dei endeleg hjelp.

Anders Helle har ikkje sjølv noko tilknyting til Silda, men saman med ein gjeng frivillige har han bestemt seg for å fjerne kvar einaste sitkagran som står der.

– Motivasjonen min er å ta vare på norsk natur. I tillegg har eg vorte forelska i øya.

– Og vi ser på det nærast som eit mirakel at det kjem nokon og vil hjelpe oss med den forferdelege grana som har kosta oss så mykje frustrasjon, seier Gerda Silden Totland.

Sitkagran i Bygstad

KONTROVERSIELL: Sitkagrana er ein kontroversiell tresort i Noreg. I Canada er ho derimot så ettertrakta at myndigheitene har verna ho. Ein kan skilje ho frå vanleg norsk gran ved hjelp av den raudlege fargen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Sitkagrana kan gje ein eventyrleg produksjon

Skogbrukar Helge Kårstad er heilt samd i at sitkagrana ikkje høyrer heime på øyar og holmar langt ute på kysten. Han er likevel irritert over at det er slike stader som får dominere debatten om eit forbod.

– Alle ser at sitkagrana ikkje har noko å gjere ytst på kysten. Grana treng djup jord, og det får ho ikkje der ute. Det er så synd at det har gjort til at sitkaen har fått eit så dårleg rykte.

Han meiner nemleg at det burde bli planta mykje meir sitkagran, og at folk burde vente opp mot hundre år før dei hogg ho ned.

– Då kan ein få ein eventyrleg produksjon, kanskje fire gongar så mykje tre per mål som med vanleg gran.

Det blir det derimot ikkje noko av om regjeringa landar på eit totalforbod.

– Vi har ikkje landa på noko endå, men det er klart at det er mange utfordringar knytt til framande, svartelista artar som sitkagran. Det har med naturmangfald å gjere, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V).

Silda utanfor Vågsøy i Nordfjord

MYKJE GRAN: Det er mykje sitkagran på øya Silda utanfor Måløy i Nordfjord. Grana vart planta som ein levegg rundt gardane frå 50-talet, men no er det ingen som driv med jordbruk på øya lenger. Når Anders Helle og dei andre sitkaaktivistane er ferdige med å reinske øya for sitka, skal dei setje ut kystgeit i samarbeid med grunneigarane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK