Old Tjikko står på Fulufjellet, berre ei mil frå norskegrensa i Trysil, i Älvdalen kommune. Det gamle grantreet er tynt og lite, og det har altså ikkje tolt all snøen i vinter.
– Eg vart veldig forundra, seier fjellguiden Tommy Lönnebäcke i Fulufjellet nasjonalpark. Han skulle følge ein fotogra opp til Old Tjikko i førre veke, og måtte leite ei stund før han kjente att treet.
– Stammen var jo knokke ca. ein meter frå toppen, så det var ikkje likt seg sjølv.
Det var SVT i Dalarna som først omtalte at Old Tjikko var knokke.
Forskning.no har også omtalt saka.
KNEKT AV SNØEN: Toppen av Old Tjikko i Fulufjellet er knekt i vinter. Men andre ting kan truge treet meir.
Foto: Tommy LönnebäckeOppdaga i 2005
Fulufjellet ligg på grensa mellom Noreg og Sverige. Det er nasjonalpark på begge sider.
I dette området er det mykje gammal skog. Og fordi det er nasjonalpark, har mykje av skogen fått leve. Heilt oppe på toppen ligg Old Tjikko, treet vart «oppdaga» i 2005.
Da tok svenske biologar prøver av veden som ligg i bakken under treet. Og dateringa var tydeleg – meir enn 9550 år tilbake i tid. Ingen andre stader i verda er det funne eit så gammalt grantre.
Sidan da har både turistar og forskarar komme frå heile verda for å sjå treet.
FANT TREET KNEKT: Fjellguiden Tommy Lönnebäcke har vore fjellguide i Fulufjellet i mange år. Han har vore mange turar hos Old Tjikko.
Foto: NRKTommy Lönnebacke er fjellguide i selskapet Ecoadventure.se følger ofte turistar på truge- eller skutertur opp fjellet.
Tommy fortel at det viser seg at frøa frå Old Tjikko kom vestfrå, altså frå den norske sida av grensa. Ei grense som få brydde seg om for snart 10.000 år sidan.
Fant treet
Biologen Lisa Öberg er fjelløkolog. Ho har forska på gammal skog i mange år, og det var ho som fann og daterte Old Tjikko.
– Da viste det seg at ingen andre grantre i verda var så gamle. Det var ei stor oppdaging å gjere.
Öberg forklarar at det er rota på treet som er så gammal, andre treslag kan ha mykje eldre stammer. Sjølv treet er ei genetisk kloning som veks oppå restane av alle trea som har vokse opp av rota, gjennom historia. Ho trøyster oss som nå er urolege for Old Tjiko.
– Dette er faktisk måten treet overlever på. Eit grantre som skal leve lenge må ikkje ha for tjukk stamme. Det må vere nesten meir barnåler enn ved. Om treet blir for høgt eller for tjukt bruker det for mykje krefter på stammen.
Difor håper Öberg at Old Tjikko vil leve i mange år til.
Tidlegare har Öberg åtvara mot at all tråkkinga av folk opp til treet øydelegg reinlaven og fjellbotn der treet står, og det kan bli skada.
TOLER DET GODT: Fjelløkolog Lisa Öberg framfor Old Tjikko. Ho var med gruppa som oppdaga og fekk datert treet. Da fekk det namnet sitt etter ein hund som var med på turen. Ögren fortel at treet kan ha godt av å knekke litt, det må ikkje bruke kreftene sine på å ha for stor stamme.
Elskar den gamle skogen
Lisa Öberg fortel at det er mykje gammal skog i heile fjellkjeda som går mellom Noreg og Sverige. Ho og andre forskarar har funne fleire tusen år gamle grantre også grensetraktene mot Røros og i Sälen i Sverige.
Opphavleg stod nok eigentleg Old Tjikko lågare i landskapet, men så har det følgd med landhevinga opp – så nå står det på fjellet.
– Skogen på fjellet blir eldre, fordi den er tynn og låg. Og ein del av den ligg heldigvis i nasjonalparkar og får stå i fred.
OLD TJIKKO: Kven skulle trudd at dette er verdas eldste tre? Tynt og litt pjuskete. Men det er akkurat difor det har greidd seg så bra. Det er sjølve rota som er 9500 år gammal.
Foto: Tommy LönnebäckeMange har sterke kjensler for skogen og spesielt for den gamle skogen. Öberg forstår dei godt.
–Det har kanskje med å gjere at trea blir så gamle. Like gamle som menneskja. Ja, mykje, mykje gamlare. Det er mystisk og det vekker kjensler, seier Öberg.
Nå har ei gruppe kunstnarar sat til dyrking eit granskot frå Old Tjiko. Planen er at det skal stå i vestibylen i det nye sjukehuset i Malmø, i ein monter med naturleg fjellmiljø. Slik håper dei å sikre Old Tjiko evig liv. I tilfelle det likevel skal skje noko med treet på Fulufjellet.