Hopp til innhold

Regjeringa og samarbeidspartia ueinige om målet med større kommunar

Å flytte statlege oppgåver nedover til kommunane må vere hovudmålet med kommunereforma. Det meiner både Trude Brosvik og KrF, og Alfred Bjørlo og Venstre.

Kommunalminister Jan Tore Sanner mottok kommunerapporten av professor Signy Vabo

RAPPORT: I går tok kommunalminister Jan Tore Sanner i mot kommunerapporten av professor Signy Vabo. Han presiserte at reforma ikkje hovudsakleg er ei oppgåvereform.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg og Venstre har nok ei anna vektlegging enn Høgre. Dei har kanskje først og fremst vore opptekne av effektivitet. For meg er desentralisering, folkestyret-elementet, særs viktig. Det må vere ei reform der vi også nyttar høvet til å flytte oppgåver frå ein stadig sterkare og meir sentralstyrt stat nærare der folk bur.

Det seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), og får full støtte frå KrF og Trude Brosvik.

– Det har vore sagt heile tida at kommunereforma kjem for å flytte meir makt og ansvar til kommunane; flytte fleire oppgåver nærare innbyggarane, seier Brosvik.

Dermed er samarbeidspartia til regjeringa, Venstre og KrF, delvis på kollisjonskurs med kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H).

Meiner Sanner omdefinierer målet med reforma

For då det såkalla ekspertutvalet leverte si endelege tilråding om kommunereforma til ministeren i går, sa Sanner at sjølv om ein skulle sjå på endringar i oppgåvene, var det ikkje målet med reforma.

Trude Brosvik

KRF-LEIAR: Trude Brosvik.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det er viktig å merke seg at grunngjevinga for kommunereforma ikkje er nye oppgåver. Grunngjevinga er dei oppgåvene kommunane har i dag, og dei utfordringane vi ser at kommunane står ovanfor i tiåra som kjem, sa Sanner.

– Eg tykkjer Sanner omdefinerer. Ein kan ikkje grunngi behovet for å endre, dersom målet berre er å ta vare på dagens oppgåver. Ein har ikkje undersøkingar som tyder på at dagens kommunar løyser oppgåvene veldig dårleg for folk flest, seier Brosvik i KrF.

– Ei mengde oppgåver kan flyttast

Ekspertutvalet konkluderte mellom anna med at framtidige kommunar bør ha minst 15 tusen innbyggarar for å kunne gje gode tilbod ut frå dagens oppgåver.

Utvalet meiner kommunane då er i stand til å ta på seg nye oppgåver. Dei nemner døme som habilitering og rehabilitering, hjelpemiddelsentral, og BUFETAT sine barneverns-oppgåver.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

VENSTRELEIAR: Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ekspertutvalet syner at det er mogleg å flytte omfattande mengder oppgåver til dei nye kommunane. Men det krev politisk vilje. Det vil alltid vere slik at statsadministrasjonen vil strete mot å miste oppgåver ned til kommunesektoren, seier Bjørlo.

Klare krav til Stortinget og ministeren

Regjeringa kjem til Stortinget med sitt forslag til nye kommunar og oppgåver til våren, og går då til samarbeidspartia Venstre og KrF for å få fleirtal. Bjørlo håpar Stortinget då vil gå for desentralisering av statleg oppgåver.

– Dette reknar eg med at stortingsfleirtalet vil seie noko tydeleg om. Eg reknar med at Sanner må forholde seg til det Stortinget seier om kva som er formålet med kommunereforma og kva som skal kome ut av ho.

Trude Brosvik saknar debatt om kva som skal skje med fylkeskommunane.

– Det er og viktig at Sanner får farten opp med å sjå på dei oppgåvene som skal løysast på det regionale nivået.