– Eg synst det er magert, er dommen frå Jenny Følling, fylkesleiar i KS, kommunane sin interesseorganisasjon.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ønskjer mindre detaljstyring frå Staten
Følling er delt i synet på rapporten som vart lagt fram i dag. Nokre anbefalingar støttar ho, andre reagerer ho sterkt på. At utvalet tilrår å gå vekk frå det såkalla generalistkommuneprinsippet, fell i den siste kategorien.
– Det er eitt av prinsippa som KS og Kommune-Noreg meiner er svært viktig og det er at ansvaret til kommunane skal vere likt over heile landet. Det er ganske spesielt å lokke med fleire oppgåver til større kommunar, når det er geografien og store avstandar som set grenser for fleirtalet av kommunane, seier ho.
KS er samd i at det bør vere funksjonelle kommunar, der organiseringa samsvarar med bu- og arbeidsområda. Ein annan ting dei er samde i, er at den statlege detaljstyringa må byggjast ned.
Likevel meiner Følling det står for lite om korleis dette skal gjerast i praksis.
– Skal dette vere ei demokratireform, så må fleire oppgåver flyttast til kommunane og detaljstyring av kommunane må bli mindre. Då må ein byggje ned statsbyråkratiet, ein må fjerne direktorat og ein må gje kommunane meir sjølvstyre, seier ho.
Tre konkrete råd
Til dei som hadde forventa seg ei mengde nye, spennande oppgåver hadde utvalsleiar Signy Vabo følgjande beskjed.
– Vi har ikkje gått gjennom alle moglege oppgåver som kommunesektoren kan tenkast å vere rett adressat for. Så eg beklagar viss eg skuffar nokon her, men sånn er det med den saka, sa utvalsleiaren då ho la fram den endelege rapporten i dag.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vabo er til dagleg professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus og har leia arbeidet.
– Sånn utvalet ser det er det ingen føresetnad for eit sterkt lokaldemokrati i Noreg, at ein får fleire oppgåver. Men det er opplagt at dersom ein gjev kommunane fleire oppgåver, så kan ein styrke lokaldemokratiet gjennom auka påverknad over nettopp forhold som nettopp er viktige for innbyggjarane.
Utvalet kom med tre hovudråd: Kommunane bør ha minst 15-20 000 innbyggjarar. Dei bør vere det ho kallar funksjonelle samfunnsutviklingsområde. Lokalt har ein tidlegare nytta omgrepet bu- og arbeidsområde. Enkelt fortalt: område med folk som har mykje med kvarandre å gjere. Og det siste rådet er mindre statleg innblanding.
– Det viktige for eit sterkt lokaldemokrati, er mindre statleg detaljstyring. Får vi til det så gjev vi lokale folkevalde større handlingsrom og høve til å bruke det handlingsrommet, seier ho.
Trur på meir sjølvstyre lokalt
Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre tok i mot rapporten. Han seier regjeringa ikkje vil kome med oppgåvemenyen før våren 2015.
– Vi gjennomfører ikkje reforma for at kommunane skal få nye oppgåver. Grunngjevinga for reforma er knytt til dei oppgåvene kommunane har i dag og dei utfordringane vi ser at kommunane står ovanfor i tiåra som kjem, seier han.
Samtidig går han langt i å love desentralisering.
– Eg meiner at vi kan snu noko av den sentraliseringa av makt vi har sett dei siste åra, ved at staten styrer meir og sterkare. Det er viktig for oss at vi gjennom reforma både kan flytte oppgåver og ansvar over til kommunane, òg at vi kan redusere noko av den sentrale detaljstyringa.