Hopp til innhold

Regjeringa får skryt

Politiske motstandarar skryt av satsingane til regjeringa i Nasjonal Transportplan.

Åge Starheim
Foto: NRK

Fredag vart Nasjonal Transportplan lagt fram, og alt i alt vart det løyvd 4,5 milliardar kroner til vegane i Sogn og Fjordane.

- Mykje bra

- KrF synest her er mykje bra for Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti Trude Brosvik.

I Nasjonal Transportplan får Sogn og Fjordane blant anna gul midtstripe frå Lavik til Hornindal, høgare tunnelar over Strynefjellet, oppstartsmidlar til Stad skipstunnel og bygging av Loftesnes bru i Sogndal.

Nøgde med regjeringa

Og resten av opposisjonen finn heller ikkje mykje å klage på.

- I utgangspunktet skal Liv Signe Navarsete og regjeringa ha skryt for at dei har lagt inn så pass mykje som dei har gjort, seier Åge Starheim frå Framstegspartiet.

- Det er gledeleg at det blir satsa så sterkt på E39 og Strynefjellsvegane, seier Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Spente på riksvegane

Heller ikkje Bjørn Lødemel frå Høgre har mykje å utsetje på satsingane.

- Det er tverrpolitisk semje om alle prosjekt, så eg tykkjer det er positivt, seier han.

Men Lødemel ville helst hatt inn Olden-Innvik på stamvegnettet. Og Trude Brosvik støttar han i at løyvingane til riksvegane og fylkesvegane burde kome no i staden for seinare i vår.

- Eg synest det er litt rart at ikkje rammene for at dei øvrige riksvegane kom no, så vi ventar i spenning på resten, seier ho.

- Men alt i alt er du nøgd med dei raud-grøne?

- Vi er nøgde med det vi kjenner så langt, seier ho.