Hopp til innhold

Refs også frå Helse Vest

Leiinga i Helse Vest har tillit til styret i Helse Førde. Men i rapporten til helseministeren må direktør Jon Bolstad tole refs.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Direktør Herlof Nilssen i Helse Vest signerte torsdag rapporten til helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad. Brustad har bede om ein rapport om alt bråket i Helse Førde den siste tida.

Klar tilbakemelding

Og meldinga frå Helse Vest til departementet var tydeleg.

- Vi kan heilt klart seie at bråket er svært uheldig for helseføretaket. Det har vi og skrive til helse- og omsorgsministeren. Vi meiner at dette definitivt har skada Helse Førde sitt omdømme, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal.

Men leiinga i helseregionen har full tillit til styret i Helse Førde si behandling av saka.

- Dei har gjort ei grundig vurdering av dei forholda som har kome fram i media, og det borgar for at dei har gjort ein god jobb i denne saka. Det er og eit viktig signal frå styret når dei seier dei vil følgje opp vidare, forklarar Sandal.

Refsar Bolstad

Derimot mot administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, også tole refs frå direktøren i Helse Vest.

- Jon Bolstad har no fått ei ripe i lakken. Og dette er såpass alvorleg at vi ventar at Jon, og det gjer han heilt sikkert, no jobbar med å leggje på bordet ein stil og ei arbeidsform som er i tråd med det styret i Helse Førde har signalisert, seier Sandal.