Rådgjevar Christian Baklund i Justisdepartementet seier at det kan bli aktuelt med ein ny anbodsrunde. Det skal avgjerast innan nyttår om det blir aktuelt, eller om staten skal nytte seg av ein opsjonsavtale på ein ny type helikopter.
- Dagens helikopter fungerer godt
Baklund understrekar at det ikkje er ein dårleg park med redningshelikopter som no gjer teneste, sjølv om nokre er over 30 år gamle.
- Helikoptera vert totalrenoverte og er i kjempeform. Dagens maskinpark kan opererast i mange år til utan at dette er ein kritisk faktor. Ein kan få inntrykk av at enkelte meiner dagens redningshelikopter falle ned på grunn av slitasje. Slik er det ikkje, men det nye utstyret som kjem vil sjølvsagt ha betre kvalitet, større kapasitet og ha større rekkevidde, seier rådgjevaren til avisa Fiskaren.
Både fagfolk, næringslivet og politikarar har i lengre tid kjempa hardt for å få etablert ein base for eit redningshelikopter i Florø, slik Stortinget har vedteke.
Høgre kritisk til regjeringa
Høgrepolitikar Mathias Råheim har har vanskeleg for å finne ord for som det regjeringa gjer no.
- Eg er redde for at saka kan verte utsette på ubestemt tid. Det stemmer dessverre godt dei med dei signala vi har fått sidan den nye regjeringa tok over. Dei har svart vagt på alle førespurnader om saka.