Kvinna hadde vore vekke 16 timar då leitemannskapet fann ho høgt til fjells, i ulendt terreng. - Regn og tåke og låge temperaturar gjorde at vi ikkje hadde noko stort håp om å gjere eit positivt funn, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.
Stor leiteaksjon
Siste gong nokon såg den 86 år gamle kvinna - før ho vart funnen att i dag tidleg - var i 13-tida i går. Før midnatt sette politiet i gong ein stor leiteaksjon. Kring 40 personar frå Røde Kors og frivillige var med og leita, samt søkehundar. Tihøva var svært vanskelege, og på grunn av svært dårleg ver i området kunne ikkje helikopter settast inn.
I god form
Strandos var nok ikkje aleine om å førebu seg på det verste, men utruleg nok fann leitemannskapet kvinna i fem-tida i dag tidleg, høgt oppe i Strussnipa i Bremanger. 86-åringen hadde vanskeleg for å gjere greie for seg. Men fysisk var ho, som lensmannen seier det, utruleg sprek. Ho var våt og kald, men gjekk for eiga maskin ned att.