NRK Meny
Normal

Reagerer på tryggleikstiltak ved Nigardsbreen

Fleire breførarar reagerer på sikringstiltaka som er sett i verk ved Nigardsbreen etter dødsulukka søndag.

Politi ved Nigardsbreen

REAGERER: På onsdag sette politiet i verk ekstra sikringstiltak rundt Nigardsbreen. Fleire reagerer no på det dei oppfattar som innskrenking av den frie ferdselen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Søndag omkom to tyske turistar etter å ha blitt trefte av ei stor isblokk frå Nigardsbreen. To born på åtte og ti år mista foreldra.

Etter at sikringane først vart vurderte som gode nok, innførte politiet onsdag likevel ekstra tryggingstiltak, etter at NVE i ein rapport konkluderte med at det er stor fare for at ei blokk på vel 100 m³ kunne rase ut frå breen.

Det vart då blant anna bestemt at vegen opp til Nigardsbreen skal vere stengt mellom 20:00 og 08:00, og at det ikkje skal vere lov å krysse brua over breelva utan å vere i følgje frå Jostedalen breførarlag.

Meiner løysinga er å informere

Tiltaka har fått fleire til å reagere. Ein av dei er Gjert Grødal, tindevegleiar i Bre og Fjell. Han forstår at ulukka gjev grunnlag for å sjå på sikringstiltaka på nytt, men er skeptisk til å innskrenke den frie ferdselen.

– Det er risiko i naturen, men ein får heller informere folk og gå i den retninga. Vi kan ikkje drive å stenge av alt som er potensielt risikoutsett, seier han.

I tillegg meiner han at nokre av tiltaka, som å sperre ferdselen over breelva, vil kunne få konsekvensar for dei som jobbar med breen.

– Det er klart at dette kan gå utover arbeidet vårt. Vi kan finne oss andre brearmar og andre plassar på Nigardsbreen. Men det er gjerne der på venstresida av Nigardsbreen det er lettast å gå opp på breen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjert Grødal

KRITISK: Tindevegleiar Gjert Grødal fryktar at dei ekstra tryggleikstiltaka ved Nigardsbreen skal gå utover dei som jobbar med breen.

Foto: Johan Moen / NRK

Øjvind Kåre Øst, fjellførar i Norgesguidene, meiner Nigardsbreen er som normalt på denne tida av året og tykkjer ikkje det er grunn for ekstra drastiske tiltak no.

– Eg synst det beste er å avpasse tiltaka til røynda. Og røynda er at det sjeldan skjer ulukker framfor breen, og i tillegg er det sperringar og skilt som åtvarar folk. Men så er det nokon som trur at desse ikkje gjelder for dei. Så det handlar om å få til informasjon som går inn hos desse, seier han.

Reagerer på innskrenking av fri ferdsel

Han opplever sikringstiltaka som ein innskrenking av fridomen ein er blitt van med å nyte i den norske fjellheimen.

– Så vidt eg har skjønt, har eg som breførar og brevandrar no ikkje moglegheit til å kome meg inn på venstre side av breelva, viss ikkje eg betalar ein førar frå Jostedalen breførarlag. Det er dumt, fordi det er venstre side av Nigardsbreen som er den fornuftige tilkomsten viss ein skal opp på breen.

Han meiner den høgre sida av breen er mykje vanskelegare og krev større innsats på denne tida av sommaren.

– Då blir det eit stengsel for heilt vanleg tradisjonelt norsk friluftsliv, seier Øst.

Marthe Gjerde er glasiolog og bur i Jostedalen og Bergen. Ho er òg motstandar mot å gjerde inn norsk natur.

– Eg meiner sikringane som har vore på breen har vore gode nok. Men folk må respekterer sikringa. Dette er ikkje unikt for Jostedalen, det er slik overalt, dessverre, seier ho.

Gjerde meiner tiltaka får konsekvensar både turistar som vil sjå breen om kvelden og lokalbefolkninga. Og ho meiner den einaste løysinga er meir kunnskap og kanskje enno betre skilting.

– Eg ser ikkje heilt poenget med dei sikringane. For viss folk har lyst til å sjå blåisen, så reiser dei fram til blåisen, seier ho.

– Ikkje mogleg å sanksjonere

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, forstår at erfarne fjellfolk reagerer.

– Eg skjønar at dei kanskje synst at dette er overdrive. Men vi lyt finne tiltak som treff alle, seier han.

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, har ikkje like stor forståing for reaksjonane.

– Nei, det forstår eg ikkje for å vere heilt ærleg, seier han.

Han viser til at mange menneskeliv har gått tapt, og ulukka i 1994 då ei polsk kvinne vart stygt skada. Også den gong var det fronten av breen som kollapsa.

Dette er dette Karoliussen fryktar skal skje igjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asle Karoliussen

LITEN FORSTÅING: Lensmann i Luster har liten forståing for at enkelte no reagerer på dei ekstra tryggleikstiltaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi må vi gjere ting for at folk skal forstå at det er eit farleg område. Eg skjøner at breførarar og andre som er knytte til breen forstår faren. Men tiltaka er retta mot turistane som ikkje ser faren, seier han.

Lensmannen meiner det er heilt uproblematisk at det er Jostedalen breførarlag som regulerer tilgangen over den stengde brua. Andre brevandrarar vil kunne kome seg over, dersom dei går i lag med ein av breførarlaget sine guidar.

– Poenget er at det skal vere folk på venstresida av breen som har oppsyn av nokon heile tida, seier Karoliussen.

Trass dei omfattande tiltaka, seier Karoliussen det ikkje vil vere aktuelt å straffe dei som skulle finne på å bryte forboda.

– Det er ikkje mogleg for oss å sanksjonere. Vi har sperra av eit område for å synleggjere kva som er trygt og kva som er ikkje å trygt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå