Hopp til innhold

Reagerer på rutilmøte om Engebø

Lokale miljøvernarar reagerer på at kommunalminister Liv Signe Navarsete skal møte Nordic Mining i neste veke.

Engebø i Vevring

RUTILPLANER: Nordic Mining har planer om å vinne ut rutil i Engebøfjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Verksemda har planer om å utvinne store mengder rutil, men planene er møtt av mykje motstand lokalt fordi millionar av tonn med slam kan hamne i Førdefjorden.

- For meg virkar det ganske merkeleg og uryddig. At dei vil ha møte er greitt nok, men det er måten det er gjort på. At dei står som arrangør tykkjer eg virkar veldig rart og påfallande, seier leiaren for Naturvernforbundet i Sunnfjord, Oddvar Etnestad.

- Strategisk spel

Liv Signe Navarsete

MØTER NORDIC: Statsråd Navarsete skal møte Nordic Mining i neste veke.

Foto: NRK

Etnestad reagerer på kort frist og lite informasjon om møtet som skal finne stad 3. januar.

Etnestad meiner møtet er eit strategisk spel.

- Dei vil ha prosjektet i Vevring, og dei ynskjer å komme på talefot med dei som kan påverke. Det er nok eit strategisk forsøk på å komme vidare i prosjektet, seier han.

Ikkje invitert

Ifølgje programmet skal lokale miljøinteresser vere representert på møtet. Likevel er ikkje Etnestad eller Arne Underli, leiaren av aksjonsgruppa Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, invitert.

Underli reagerer også på at ikkje Norges Fiskarlag er orientert.

- Norges fiskarlag fryktar følgjene her. Når ein inviterer næringsinteresser, så bør også dei næringsinteresser som blir skadelidande bli invitert, seier han.

Skaper uvisse

Underli lurer på kva Navarsete skal få presentert, fordi han meiner konsekvensutgreiinga er så utydelege at Nordic Mining ikkje veit kva dei kjem til å sleppe ut i Førdefjorden.

- Det ligg føre ei motsegn frå fiskeridirektoratet. Når ein er midt i ein høyringsrunde, så vil det og vere ryddig at den blir fullført og at det ikkje blir eit møte midt i som skaper uvisse om korleis prosessen eigentleg er, legg Etnestad til.

Nordic Mining har ikkje vore tilgjengelege for kommentar.