Torsdag hadde teateret framsyning i Stryn, og ordføraren baserer kritikken på tilbakemeldingar frå andre. Han er overraska, og syns det heile verkar overdimensjonert.
Replikkar henta frå intervju
Frå teaterstykket "Saman skal vi leve". Foto: Torbjørn Fardal.
Teaterstykket "Saman skal vi leve" tek opp problemstillingar rundt rasisme. Bakteppet er dødsfallet til Arve Beheim Karlsen i Sogndal i 1999. Replikkane i stykket er henta frå intervju med personar i Sogn og Fjordane, og ein ung anonym mann frå Sunnfjord seier dette i teaterstykket:
"Viss du ser på Stryn no for eksempel. Der e det jo skjedd ei kjempeendring no. Alt av voksenpersona omtrent i Stryn e jo rasista."
Dette er eitt av fleire sitat som ordføraren i Stryn reagerer på.
- Må ta tak i problema
Det er ikkje meininga å framstille Stryn på nokon spesiell måte, seier teatersjef Terje Lyngstad i Sogn og Fjordane Teater. Han reagerer på at ordføraren ikkje sjølv har sett stykket, men baserer kritikken på bakgrunn av andrehands informasjon. Lyngstad oppmodar no kommunen om å ta tak i problemstillingane.
Ordføraren i Stryn innrømmer at det kan vere lett å oversjå problem med grumsete haldningar. - Vi skal ta faresignala på alvor, seier han, og vil følgje opp saka.