NRK Meny
Normal

Rauk ut før superfinalen

Det heldt ikkje til superfinale for laget frå Olden.

Othelia Auflem Tenden, Marcus Vangberg og Peder Skåden

IKKJE SUPERFINALE: Det blei 15.-plass for Othelia Auflem Tenden, Peder Skåden og Marcus Vangberg i Klassequizen.

Foto: NRK

19 lag møttest laurdag kveld til dyst for å avgjere kven som skulle gå sigrande ut av årets Klassequiz. Olden skule stakk til slutt av med sigeren i klassequizfinalen i Sogn og Fjordane . Dermed var det dei som fekk representere fylket i landsfinalen den 23. mai.

Dei tre deltakarane Othelia Auflem Tenden, Peder Skåden og Marcus Vangberg hadde alle sine spesialfelt fortalde Marcus Vangberg til programleiar Selda Ekiz halvegs ute i første runde.

– Peder er god på kjendisar, eg er god på historie og idrett og Othelia er allrounder som kan hjelpe til på det meste, seier Vangberg

Men etter 40 spørsmål var det klart at det ikkje helt for laget frå Olden. 28 poeng heldt ikkje til ein plass i superfinalen, men det heldt til ein 15.-plass totalt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.