Hopp til innhold

Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen

Olden skule stakk til slutt av med sigeren i klassequizfinalen i Sogn og Fjordane. Dei skal dermed til Oslo og representere fylket i landsfinalen den 23. mai.

Olden vann Klassequizen

SIGRA: Vann fylkesfinalen, klare for Oslo, frå v. Marcus Vangberg, Otelie Auflem Tenden og Peder Skåden.

– Det var vanskelege spørsmål i dag, seier Peder Skåden.

Han og resten av vinnarlaget frå Olden kom dårleg ut i første runde med berre eitt poeng av fire moglege, men dei henta seg inn dei to neste rundane og stod til slutt att som vinnarane av klassequizen i Sogn og Fjordane.

– Kanskje var det derfor utslagsgivande at ein på laget hadde ein ekstra motivasjon til å vinne?

– Det var viktig å avgjere kven som er den smartaste i Vangberg slekta, seiar Marcus Vangberg, som saman med resten av Olden skule slo ut firmenningen Sondre Vangberg og laget til Eid ungdomsskule i ein tett finale.

– No er det nye målet å vinne heile greia.

Thriller på slutten

Det stod likt mellom Eid og Olden etter to rundar. Etter ein tett siste runde stod Olden skule att som vinnar med sju poeng. Eid hamna på seks poeng og andreplass medan Sande enda på tredjeplass med fem poeng.

Klassequizlaget til Eid skule

Eid skule tapte knipent, frå v. Sondre Vangberg, Stian Høvig og Synnøve Berstad.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Det var eit spørsmål om torsketype som til slutt vart tunga på vektskåla. Laget til Olden skule var dei einaste som hadde riktig svar på kva for torsketype som blir fiska under Lofotfisket. Eid ungdomsskule som hamna like bak kom på svaret, men var i tidsnaud og fekk det difor ikkje ned på papir.

Til landsfinalen

No er det berre å gi full gass, seier Peder og siktar til finalane i Oslo 23. mai.

– Men det blir kanskje tøffare motstand i Oslo, spekulerer Marcus Vangberg som tenker på at motstanden der også vil ha vunne finalane i sine eigne fylke.