Hopp til innhold

Nesten halvparten av hotella i Sogn og Fjordane gjekk i minus i fjor

Nesten halvparten av hotella i Sogn og Fjordane hadde raude tal i rekneskapen sin for 2011. Verst var stoda i Sogn, der gjekk 14 av 24 hotell i minus.

Klingenberg Hotell

MINUS: Klingenberg Hotell i Årdal er blant svært mange hotell i Sogn som i fjor fekk eit dårleg økonomisk resultat.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eitt av hotella som måtte konstatere underskot i fjor var Klingenberg Hotell på Årdalstangen. Direktør Erling Eggum ser tilbake på fire år på rad med minustal.

Han seier nedbygginga av Hydro også verkar inn på hotelldrifta. I fjor hadde hotellet eit resultat før skatt på minus 135 000 kroner.

– No er det ikkje så veldig store minustal, men det er ikkje til å stikke under ein stol at vi er avhengige av det som skjer i bygda, seier Eggum til NRK og legg til:

– Vi er i hovudsak eit forretningshotell, og når det er liten aktivitet i bygda, så slår det ut for vår del og.

Store underskot

Og hotellet på Årdalstangen er ikkje åleine om å ha raude tal i rekneskapen for i fjor. NRK har henta inn tal for 37 hotell i fjordfylket, og 17 av desse gjekk med underskot i 2011.

For mange av hotella er det ikkje snakk om store tap, medan enkelte går svært dårleg. Brekkestranda Fjordhotel på Brekke i Gulen hadde til dømes eit resultat på minus 2,7 millionar kroner i fjor. Det er mykje når driftsinntektene ikkje er på meir enn litt over 4 millionar kroner.

Vidare innover Sognefjorden er det og raude tal på dei fleste hotella. Sjå liste over alle hotella nedst i saka.

Må tilby noko for å overleve økonomisk

Wenche Salthella

MÅ TILBY NOKO: Hotell som kan tilby noko utanom det vanlege har størst sjanse for å overleve i den tøffe marknaden, seier Wenche Salthella i NHO Reiseliv.

Foto: Karoline Kalstveit / NRK

Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv seier distriktshotella har tapt terreng i fleire år. Unntaka er hotell som greier å lokke gjester med spesielle opplevingar.

– Dei hotella som klarar å tilby opplevingar og noko utanom det vanlege, dei klarar seg. Men dei som ikkje klarar å få til eit slik tilbod, dei tapar terreng, seier Salthella til NRK.no.

Optimisme trass raude tal

Hotellfolk NRK har vore i kontakt med rapporterer om auke i talet på gjester så langt i 2012, til dømes har Quality Sogndal Hotell ein auke på 18 prosent i omsetninga så langt i år.

Også Erling Eggum på Klingenberg i Årdal trur på betre tider, sjølv om det er mykje som går feil veg i industribygda akkurat no ...

– Vi er ikkje så veldig engstelege. Vi er vane med at det går i svingingar, det har det alltid gjort her i Årdal. Så det vil nok ta seg opp att, seier Eggum optimistisk.

Slik gjorde hotella det i fjor:

NRK har henta inn tal for 37 hotell i Sogn og Fjordane. Tala viser resultatet før skatt for 2011.

  • Walaker hotell i Solvorn – pluss 822.000 kroner (2010: pluss 430.000)
  • Gloppen hotell på Sandane – pluss 617.000 kroner (2010: pluss 660.000)
  • Raftevolds Hotell i Hornindal – pluss 250.000 kroner (2010: pluss 38.000)
  • Innvik Fjordhotel – pluss 71.000 kroner (2010: pluss 250.000)
  • Brekkestranda Fjordhotel l på Brekke i Gulen – minus 2.752.000 kroner (2010: minus 1.530.000)
  • Hjelle hotell i Oppstryn – minus 88.000 kroner (2010: pluss 244.000)
  • Jostedal hotell – pluss 252.000 kroner (2010: 334.000)
  • Lavik Fjord Hotell – minus 187.000 kroner (2010: pluss 86.000)
  • Skjerjehamn AS (ikkje hotell, men driv med overnatting) – minus 1.272.000 kroner
  • Skjolden Hotell AS – pluss 1.686.000 kroner (2010: pluss 238.000)
  • Turtagrø Hotel – pluss 686.000 kroner (2010: pluss 454.000)
  • Eikum Hotell Drift AS, Hafslo - pluss 983.000 kroner (2010: pluss 357.000)
  • Klingenberg Hotell på Årdalstangen – minus 135.000 kroner (2010: minus 554.000)
  • Lindstrøm Hotel i Lærdal – pluss 199.000 kroner (2010: 1000)
  • Lærdal hotel – pluss 953.000 kroner (2010: pluss 546.000)
  • Vatnahalsen Høyfjelleshotell AS – pluss 208.000 kroner (2010: pluss 21.000)
  • Fretheim Hotell AS, Flåm – minus 4.492.000 (2010: minus 4.824.000)
  • Flåm Turistsenter AS (driv Flåmsbrygga Hotell) – pluss 1.268.000, (2010: pluss 1.618.000)
  • Øren Hotel i Høyanger – minus 21.000 kroner (2010: minus 425.000)
  • Vadheim Hotell AS – pluss 425.000 kroner (ikkje 2010-tal)
  • Best Western Måløy Hotell – (Måløy Hotelldrift AS) – minus 293.000 kroner (2010: minus 926.000)
  • Nordfjord Turisthotell, Nordfjordeid – pluss 173.000 kroner (2010: minus 354.000)
  • Nye Stryn Hotell AS – pluss 625.000 kroner (2010: pluss 588.000)
  • Hotel Alexandra, Loen – pluss 4.176.000 (2010: pluss 1.305.000)
  • Førde Hotell – pluss 288.000 kroner (2010: minus 1.294.000)
  • Sunnfjord Hotell AS i Førde (eigarselskap) – pluss 3.263.000 kroner (2010: 1.112.000)
  • Rica Sunnfjord Hotell AS (driftsselskap) - minus 600.000 (2010: minus 800.000)
  • Skei Hotel AS – minus 1.100.000 kroner (2010: minus 2.726.000)
  • Hofslund Fjordhotel, Sogndal – minus 81.000 kroner (2010: minus 297.000)
  • Loftesnes Pensjonat, Sogndal – minus 96.000 kroner (2010: pluss 30.000)
  • Lægreid Hotell AS, Sogndal – pluss 312 000 (2010: 3000, 2009: minus 894 000)
  • Sogndal Hotell Drift AS – minus 3.776.000 kroner (2010: minus 3.825.000)
  • Gaupne Hotel AS – minus 291.000 kroner (2010: minus 830.000)
  • Sognefjord Hotel AS, Hermansverk – minus 398.000 kroner (2010: minus 540.000)
  • Leikanger Fjord Hotel AS – minus 122.000 kroner (2010: minus 432.000))
  • Kviknes Hotel, Balestrand – minus 405.000 kroner (2010: pluss 42.000)
  • Quality Hotel Florø (Florø Hotelldrift As) – pluss 3.057.000 kroner (2010: 3.533.000)
  • Comfort Hotel Florø (Florø Hotelldrift AS) – pluss 2.201.000 kroner (2010: 2.544.000)
  • Sande Kro og Motell – pluss 10.000 kroner (2010: minus 148.000)

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i tal for Tørvis Hotell på Marifjøra, Videseter Hotell i Stryn, Hotel Mundal i Fjærland, Aurland Fjordhotel Eigedom As, Høyanger Hotell eller Bryggen Hotell Nordfjord i Eid.