Hopp til innhold

Hotel Alexandra tener gode pengar

Hotel Alexandra i Loen tener gode pengar og oppnådde i fjor eit driftsresultat på 10 millionar kroner.

Alexandra Hotel i Loen

BRA ÅR: Etter fleire dårlege år, fekk Hotel Alexandra i fjor eit godt år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette er 2,5 millionar betre enn året før. Etter nokre utfordrande år med finanskrise, var fjoråret ein god sesong med tanke på utanlandske turistar. Hotelldirektør Richard Grov er godt nøgd med utviklinga.

– Vi skal vere bra nøgde med det vi har oppnådd i 2011. Vi hadde ein god sesong på utanlandsmarknaden i fjor, seier han.

Pilene peikar rett veg

Richard Grov

MANGE UTLENDINGAR: Direktør Richard Grov seier dei gjorde det bra på utanlandsmarknaden i fjor.

Foto: privat

2006 var toppåret på det populære turist- og konferansehotellet i Loen, med ei omsetning på om lag 130 millionar kroner og driftsresultat på nær 17 millionar.

Sidan har det vore ein markert nedgang både i omsetning og overskot, men no peikar pilene oppover igjen. Hotellet omsette i fjor for nær 128 millionar og hadde eit driftsresultat på om lag 10 millionar.

Ser lyst på framtida

No seier hotelldirektøren at dei er på veg ut av bølgjedalen.

– Finanskrisa ramma reiselivet i Norge veldig hardt i 2008. Mange bedrifter har slite dei siste åra. No føler vi at vi har kome oss bra gjennom denne dumpa her. Vi har hatt nokre utfordrande år, men vi har trass alt, klart å fornye oss ved å investere i framtida.

– Men det er eit stykke fram til toppåra 2006/2007?

– Vi er ikkje der enno, for vi merkar at kurs- og konferansemarknaden har endra seg. Det er færre møter og det rammar den type bedrifter som vi er.