Rolf Domstein
Administrerande direktør Rolf Domstein seier det dårlege resultatet skuldast sein sesongstart på sildefisket.
Etter ein periode med svært positiv resultatutvikling var det i dag svake tal Rolf Domstein la fram i Oslo. Hjørnesteinsverksemda i Ytre Nordfjord gjekk med minus 11,5 millionar kroner før skatt, mot minus 0,7 millionar på same tid i fjor.
- Mellombelse problem
Som eit børsnotert selskap er det difor viktig for Domstein å få fram bodskapen om at problema med sildefisket berre er mellombelse.
- Det er ei forskyving til seinare på året. Vi har teke igjen det tapte kvantumet i fjerde kvartal, men det slår ikkje ut i rekneskapen enno, seier han.
Problem i Domstein Enghav
Verre å forklare er det at underskotet også skuldast at det framleis er problem i Domstein Enghav, sjølv etter at dei gav nær 100 tilsette varsel om oppseiing tidlegare i år.
- Domstein Enghav har negativ resultatutvikling. Det skuldast ikkje minst situasjonen i Måløy. Vi har redusert frå to til eitt skift, og det betyr at vi har for liten produksjon i forhold til dei faste kostnadane, seier Rolf Domstein.