Hopp til innhold

Rasmus (16) skal springe 75 kilometer i knallhardt fjelløp

I fjor vant 16-åringen fjelløpet på 38 kilometer under Hornindal Rundt, i år skal han bryne seg på den 75 kilometer lange løypa.

Rasmus Haugen
Foto: Hornindal Rundt

– Eg hadde eigentleg berre lyst til å prøve det. I fjor følte eg det gjekk ganske bra, så då ville eg prøve meg på den lengste distansen, seier Rasmus Haugen frå Hornindal, som for første gong skal prøve seg på 75 kilometerløypa.

Rasmus Haugen

TØFFING: 16 år gamle Rasmus Haugen skal i år prøve seg på fjelløpet på 75 kilometer.

Foto: Hornindal Rundt

Målet til 16-åringen er å gjennomføre med ei tid på rundt 13–14 timar, han fortel at han har ikkje lada så veldig mykje opp til løpet, men går mykje i fjella og trena.

– Det er nok ein fordel at eg kjenner terrenget og veit når eg skal gje på og spurte og når eg bør ta det rolegare, seier han.

Fjelløpet går gjennom skog og fjellterreng og har ei totalstigning på 5600 meter.

Haugen har vore med kvart år sidan løpet starta opp. Han trur det er lurt å gå sitt eige løp utan å tenkje så mykje på dei andre og ikkje begynne for hardt.

Etter at Haugen dei siste åra har hevda seg blant seniorane i Hornindal Rundt på 38 kilometerløpet, har han no teke steget opp i ultraløpklassen og skal delta i 75 kilometerløpet den 5 juli.

Som 14-åring tok han andreplass like bak Sverre Slethaug, ein av Norges aller beste ultraløparar. I fjor då han var 15 vant han 38 kilometerdistansen.

Sidan 2010 då løpet vart arrangert for første gong har det blitt ein årleg tradisjon. Om knappe to veker går det femte Hornindal Rundt-løpet av stabelen.

– Eit kanontalent

– Rasmus Haugen er vi veldig stolte av. Han er eit kanontalent innanfor denne sjangeren. Det er jo ei smal nisje å vere med i slike løp, men han har utmerka seg.

Mediesjefen fortel at då Rasmus vant det korte løpet i fjor det var veldig mange som måpte ganske kraftig då han kom i mål som nummer ein. I år er det veldig mange spente Honndøler som lurer på korleis han kjem til å gjere det i det store løpet.

Påmeldingsrekord to veker før løpet

– Det ser aldeles strålande ut. No nærmar vi oss 300 i talet påmeldingar, noko som er rekord, fortel mediesjef for Hornindal Rundt, Svein Otto Espe.

Deltakarane som allereie er påmelde er fordelt likt mellom dei to greinene med rundt 153 påmelde til 75 kilometerløypa og 139 på 38 kilometerdistansen.

– Fantastiske tal. Vi har allereie 50 fleire påmelde no til det lengste løpet enn vi hadde i fjor. Av dei løparane som har meldt seg på er det nokon knallsterke namn i internasjonal samanheng, fortel Espe.

Både sterke norske løparar og fleire svenske løparar har meldt seg på det tøffe løpet.

– Det lovar veldig godt, og vi er veldig spente vi i arrangørkomiteen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvar er dette

Ein tøff distanse

Sjølve løpet baserer seg på eksisterande trimpostar i fjella i Hornindal. Frå før har innbyggjarane noko dei kallar for supertrimmen. Supertrimmar blir du dersom du vitjar alle desse trimpostane i løpet av eit år.

– Men dei som gjer det brukar som regel litt tid på det. Å skulle gå alle postane på eit døgn eller raskast mogleg tid, det er jo klart ein litt tøffare variant, seier Espe.

75 kilometerløpet krev difor ein del av utøvarane, medan 38 kilometerløpet har det vore ungar ned i 12 årsalderen som har gjennomført distansen i lag med foreldra.

– Dei pakkar sekken og har med seg mat og drikke og bruka det som ein dagstur. Eg vil jo anbefale at dei har erfaring med å gå i fjellet. Det er jo framleis krevjande å gå opp og ned i fjellheimen i 7–10 timar, seier Espe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Otto Espe på Gulekoppen

TØFF LØYPE: Mediesjef Svein Otto Espe seier fjelløpet er tøft.

Foto: Hornindal Rundt

Dei beste brukar 10 timar

På den lengste distansen er rekorden 10 timar, 10 minutt og 52 sekund. Espe fortel at han kjenner folk som har brukt 26 timar på den same distansen, så her kjem det an på kva ambisjonar ein set seg og kva form du er i,

– Dei alle beste joggar eller har hurtig gonge gjennom heile løpet, medan andre set seg ned og tek ein times pause, fortel han.

Espe trur Rasmus kan ha ein god sjanse når han no skal bryne seg på det tøffe og lange løpet.

– Ein ting er at vi har sterke norske og utanlandske utøvarar, men det kan jo kome overraskingar, seier Espe.

Arrangørane har fått fleire tilbakemeldingar om at dette heilt klart er Norges tøffaste løp. Espe opplyser om at sjølv om påmeldinga er bra no er det plass til fleire i løypene.

Lisjekupa Hornindal Rundt

PÅ VEG: Løparar på veg ved Lisjekupa under fjelløpet i fjor.

Foto: Hornindal Rundt