Hopp til innhold

Rashad seld til eliteserieklubb

Rashad Muhammed (23) har signert ein toårskontrakt med eliteserieklubben Sarpsborg 08.

Rashad Muhammed
Foto: Sarpsborg 08

Det stadfestar Sarpsborg 08 på sine heimesider.

Tidlegare onsdag melde Sarpsborg Arbeiderblad at Muhammed var på trening i Sarpsborg, og Florø-trenar Terje Rognsø sa dette før overgangen var bekrefta:

– Det stemmer. Han er i Sarpsborg for å sluttføre forhandlingane om ein eventuell overgang. Klubbane er samde, og no står det på ein medisinsk sjekk og at han og klubben blir samde om ein kontrakt. Går det i orden, blir han Sarpsborg-spelar, sa Rognsø.

Muhammed har scora tre mål og har vore nest sist på ballen åtte gonger før scoringar denne sesongen.

– Rashad er ein spelar med voldsom x-faktor. Han har ein fart få i den norske toppfotballen kan matche. Eit dyr, seier sportssjef i Sarpsborg 08, Thomas Berntsen til klubben sine heimesider.

Ingen av klubbane har gått ut med kor mykje overgangen kosta, men det skal vera snakk om ein eingongssum i tillegg til ein sum etter eit tal spelte kampar. I tillegg har Florø sikra seg vidaresalsklausul.

Overgangsvindauget stenger ved midnatt onsdag. Florø-trenar Terje Rognsø seier at Start skal ha lagt inn bod på storscorar Endre Kupen, men Florø er ikkje interessert i å selje.